Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Dar kjem dampen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
D/S «Hjelmeland» legg til kai på Sand sommaren 1919 på tur med Bondeungdomslaget. Passasjerane flokkar seg til styrbord for å få beste utsynet mot «perlå i Ryfylke», så skuta får kraftig slagside.

Foto: Ryfylkemuseet / Wikimedia Commons

3467
20221021
3467
20221021

Denne populære songen er eit hyllingsdikt til ein vestlandsk lokalbåt, dampbåten «Oster», som gjekk i rute mellom Bergen og strilelandet frå 1906 til 1964. Døvepresten Ragnvald Hammer skreiv teksten, og Ivar Medås sette melodi til.

Så var det gjort. Dei dampdrivne båtane som knytte saman fjordar og øyar på den lange vestlandskysten i over eit hundreår, hadde fått sin eigen song, før dei vart sende på land til opphogging. Nye løysingar trengde dei ut.

Dampmaskinen er sentral i den industrielle revolusjonen. Han skapte energien i kolet om til mekanisk energi og maskindrift. Og denne maskinen gjekk om bord i skip og gav dei framdrift. Dampmaskinen var den første maskinen til å gå om bord i båtar.

Så vart båtane kalla dampbåtar. Eller berre «dampen».

Dampbåtane og rutene deira gav rammene for mykje av det vi stelte med på øyane i Ryfylke. Hos oss gjekk dampbåten frå Steinnesvåg til Stavanger tidleg om morgonen, med retur frå Stavanger på ettermiddagen.

Av og til skulle vi ta imot nødvendig hjelp frå Stavanger, lekpredikantar eller dyrlegar, alt ettersom. Dei kom då om kvelden, gjorde si gode gjerning og sov på sofaen i finstova vår, før dei stod tidleg opp og tok båten til byen.

Som gut på gard var eg med dyrlegen rundt på gardane mang ein sein kveld.

Nokre av oss var fotballinteresserte. Å kome til Stavanger for å sjå Viking spele var uråd. Båten heim gjekk frå Stavanger før kampen var slutt.

Folk møtte på kaien då dampen kom utpå ettermiddagen. Då kom posten, som måtte sorterast før vi kunne få han. Det vart venting og prat.

Dampbåten var eit stort framsteg. Han vart vår viktigaste kontakt med resten av verda, ved sida av telefonen.

Så gjekk hans tid mot slutten. Den engelske marineministeren under første verdskrigen, Winston Churchill, fjerna dampmaskinane i den engelske marinen og sette inn moderne forbrenningsmotorar.

I Ryfylke kom fjordbussane, bilferjer med komfortable passasjerrom. Dei vart sette inn i rutene frå Stavanger og inn i fjordbotnane. På denne vegen passerte dei Finnøy, med tettstaden Judaberg. Der stakk dei innom på inntur og uttur.

Finnøy fekk det beste båtsambandet øya nokon gong hadde hatt, men det var frå Judaberg, på austsida av øya. Steinnesvåg, vår stoppestad på vestsida, døydde seint og stille.

Og dampbåten vart borte. Men det var lettare å kom til byen og heim att.

Dette fungerte godt lenge. Varer som skulle til byen, til dømes slaktefe, vart lasta opp på lastebil og sette inn på båten, der bilane vart ståande til dei var framme. Så køyrde bilane ut og leverte.

Så kom tunellen for ti år sidan. Finnøy vart landfast. Avstanden til byen vart mykje kortare og lettare. Alt tok mindre tid.

Hovudtrafikken flytte frå sjøen til landjorda, og fjordbussane var berre innom Judaberg av og til.

Og Finnøy kommune vart borte. Ved Erna Solbergs reformer vart Finnøy innlemma i Stavanger.

Når dei folkevalde politikarane i Finnøy skal på heradsstyremøte, set dei seg i bilen sin og køyrer gjennom tunellen til Stavanger, der dei finn vegen til bystyresalen, som er den nye heradstova.

Og dampen, kva namn han no hadde, «Fjordbuen», «Øybuen», «Haukeli», «Jøsenfjord» og mykje anna, er berre eit minne for tilårskomne folk.

Han fortener å minnast.

Han gjorde eit stort og viktig arbeid for dei sjønære samfunna og deira utvikling, der han krungla seg rundt øyane og leita seg inn i fjordane, då han hadde makt og ansvar for samferdsla til sjøs på våre kantar.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis