JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Ein politisk konge

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den 15. juni 1946 vart Svinesundsbrua mellom Noreg og Sverige opna ved at kong Haakon og kronprins Gustav Adolf møttest på midten av det 420 meter lange bruspennet. Her går dei saman med kronprinsesse Louise.

Foto: NTB

3561
20210716
3561
20210716

Fyrstane er ei gruppe historia har fare ille med. Går vi eit par hundreår tilbake, var Europa full av fyrstar: kongar, keisarar, tsarar og kva dei no heitte.

I dag, i større nasjonar, finst kongar einast i Skandinavia, i Storbritannia, i Belgia og i Nederland. Tsarane og keisarane vart sopte bort av første verdskrigen. Einast nokre få kongar vart att.

I 1950 sa dåverande konge i Egypt, kong Faruk, at det ved tuseårsskiftet ville finnast einast fem kongar i verda: den engelske og dei fire i kortstokken. Straks han hadde ytra dette, var hans eiga tid ute. Offiserane overtok i Egypt.

Den politiske utviklinga skapte konstitusjonar som forankra makta i folket, i dei folkevalde nasjonalforsamlingane. Det parlamentariske styresettet spreidde seg. Nasjonalforsamlingane tok makta over regjeringane, som kongen før hadde hatt. Hos oss stod slaget om makta over regjeringa i 1884. Kongen tapte og vart avsett 21 år seinare.

Gustav 5. vart svensk konge i 1907, då Oscar 2. døydde. Som svensk/norsk kronprins hadde han opplevd nederlaga i 1884 og i 1905. Han var fungerande regent då Stortinget vedtok jamstilling for nynorsk. Jamstillingsvedtaket vart signert av kronprins Gustav.

Våren 1905 var han atter regent, då kongen var sjuk. Det var han som utnemnde Michelsens samlingsregjering, og han arbeidde sterkt for at unionsoppløysinga skulle skje i fredelege former.

Og slik vart det.

I 1907 vart han svensk konge. Første tida hadde han problem med å respektere den parlamentariske styreforma, og han greip ofte personleg inn i politikken.

I 1914 var han usamd med regjeringa om forsvarspolitikken. Kongen ville ha eit sterkare forsvar, mellom anna ein ny kanonbåt.

Då heldt han den berømte «borggardstalen» for eit bondetog på 30.000 demonstrantar som var komne til Stockholm for å støtte kongens krav om eit meir energisk forsvar. Regjeringa måtte gå av, noko som utløyste sterk kritikk mot kongen.

Dronninga hans, Victoria, kom frå ei høgreorientert tysk adelsslekt, og ho var for ei sterk kongemakt i Sverige. Den svenske kongefamilien var også inngift i høgtståande tyske nazifamiliar.

Krigen var vanskeleg både for Sverige og for kong Gustav. Eit hovudmål var å halde Sverige utanfor krigshandlingane. Gustav oppsøkte Hitler i 1940 for å dempe misnøya hans med antinazistisk svensk presse, samtidig som han bad Hitler om ikkje å avsetje kong Haakon.

Og han gjekk sterkt inn for at tyske divisjonar kunne reise frå Noreg, gjennom Sverige og inn i Finland.

I 1917 utnemnde han ei regjering der sosialdemokratane var med, Hjalmar Branting var finansminister. I 1920 vart Branting den første sosialdemokratiske statsministeren.

Leksikonet fortel at kong Gustav etter kvart kom til å respektere parlamentarismen, at det var Riksdagen som hadde ansvaret for regjeringa, ikkje han.

Men Herman Lindquist kan fortelje at det framleis kunne koke på slottet.

Då statsminister Per Albin Hansson frå sosialdemokratane døydde i 1946, gav kongen uttrykk for at han no ville ha ei regjering av finare folk, som han kunne gå på jakt med, spele kort med og drikke grogg med.

Regjeringa sende då utanriksministeren, Östen Undén, til kongen for å fortelje han at systemet var slik at kongen måtte ta den regjeringa han fekk. Det var Riksdagen som bestemte, ikkje kongen.

Omsider forstod kongen det.

«Jag förstår», sa kongen. «Det blir som ni vil. Men Wigforss vil jag inte ha.»

Wigforss var ein radikal finansminister som sette djupe spor etter seg.

Den nye statsministeren vart Tage Erlander, med Ernst Wigforss som finansminister.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Manu Dibango då han spelte på Melafestivalen i Oslo i august 2019.

Foto: Unni Hjellnes / Oslo Mela

ReportasjeFeature

Makossamannen

DOUALA: Vi er i millionbyen til musikaren Manu Dibango ­– Kameruns store son. Eller var han det?

Øyvind Pharo

Stortinget og bøndene: Dei møtest kvart år, men forholdet er ofte komplisert.

Foto: Heiko Junge / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Jordbruksavtalen

No får det jammen meg vere nok. 

Alf Helland med Girardoni-rifla si i verkstaden.

Foto via Norsk håndverksinstitutt

BokMeldingar
Johan Brox

Attende til framtida

Norsk børsemakar tek framleis yrkestittelen sin bokstavleg.

Mette Karlsvik har fått litterære prisar og stipend etter debuten som romanforfattar i 2005.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

BokMeldingar
Odd W. Surén

Å, ver hjå meg!

Mette Karlsvik gjer den private sjølvransakinga si vesentleg for lesaren.

Malin Charlotte Melby Rønning debuterte som romanforfattar i 2020 og er omsett til fleire språk.

Foto: Baard Henriksen / Forlaget Oktober

LitteraturKultur

Den skuggen vi har i oss

Då Malin Charlotte Melby Rønning oppdaga at romanen ho heldt på med, ville i ei anna retning enn ho ønskte, greip ho tak i eit bilete ho hadde i hovudet, og skapte Det tolvte huset i staden.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis