Kino utan film
Det går an å høyre musikken først og sjå filmen etterpå.
Regissør Ryusuke Hamaguchi vart inspirert av naturen der komponisten Eiko Ishibashi bur.
Foto: Neopa Inc. / Incline
Filmmusikk
Eiko Ishibashi:
Evil Does Not Exist
Drag City
Kva bilete framkallar dette? Spørsmålet gjer seg gjeldande i møtet med komposisjonar med suggestive titlar som «Fether», «Smoke» og «Deer Blood». Det kjennest som eg allereie er på veg inn i stemningane og forteljingane i Evil Does Not Exist, den nye spelefilmen til Ryusuke Hamaguchi, utan å ha sett eit sekund. Ein viktig del av universet er nemleg allereie tilgjengeleg: Eiko Ishibashis formative lydspor.
Der vekslar musikken mellom det medrivande melodiske (tittelsporet) og det ambiente og abstrakte, med innslag av moderne orkestermusikk og kunstmusikk. Nok ein gong er Jim O’Rourke med, og Ishibashis uttrykk er til å kjenne att frå tidlegare utgivingar – ikkje minst lydsporet til Hamaguchis Drive My Car (2021), som eg skreiv om på desse sidene då det kom ut på plate.
Rik lydproduksjon
Det var då Ishibashi arbeidde med musikken til nett Drive My Car, artisten spurde filmskaparen om han kunne tenkje seg å lage film som kunne verte projisert i samband med framføringa av eit nytt verk, The Gift.
Det kunne han – prosjektet hadde premiere i fjor, på belgiske Film Fest Gent – og førte direkte vidare til det som vart Evil Does Not Exist. Det gav seg sjølv at Ishibashi skulle stå for musikken til spelefilmen, som også visstnok skal vere utstyrt med ein markant og rik lydproduksjon, noko ein kan ane av plata.
På ei utgiving som dette dreier det seg altså om ei forfriskande ny tilnærming til estetikk på tvers. I ein fascinerande samtale med filmtidsskriftet Sight and Sound tidlegare i år fortel regissør og komponist om samarbeidet: Filmelskaren Ishibashi, som har laga musikk til fleire filmar, hadde lenge leikt med tanken på å framføre levande musikk som går inn i ein slags dialog med det som vert vist. Ho er interessert i korleis forholdet mellom framvising og framføring kan vere i rørsle, og endre seg, frå gong til gong.
Ope landskap
For Hamaguchi var det å lage film med utgangspunkt i nykomponert musikk eit kreativt arbeid han måtte finne vegen fram i. Til Sight and Sound fortel han at han lenge lurte på kva retning han skulle ta prosjektet i, men eit gjennombrot kom då han tok turen til dei landlege omgivnadene Ishibashi både bur og komponerer i.
Naturen han møtte, opna opp eit landskap og ein visualitet som deretter førte han vidare til forteljinga som fanst i materialet. Somme meldarar meiner spelefilmen er uforløyst forteljemessig, andre at det er subtilt og meisterleg gjort.
Det finst mange døme på rike samarbeid mellom filmskaparar og musikarar, men det er noko med det gjensidige her som er unikt – måten innverknaden går fleire vegar på. Nokre av skodespelarane i Evil Does Not Exist lytta faktisk til musikken før innspelinga kom i gang.
Ishibashi og Hamaguchi er dessutan kunstnarar som kan la kreativiteten føre dei i nye retningar, om det kjennest rett. Det skulle vise seg at spelefilmen til slutt vart ferdig før The Gift – men at prosessen også fekk Ishibashi til å lage meir musikk til sistnemnde prosjekt. Eg lyttar og lèt meg føre inn i mi eiga biletverd – fram til eg får høve til å sjå filmen på kino, og nye samanhengar trer fram.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.