Judas Iskariot
Judas Iskariot måla av José Ferraz de Almeida Júnior.
Vi er på veg inn i påsken. Hendingar i Jerusalem for snart to tusen år sidan vil setje preg på ei dryg veke, same kva vi bruker veka til, om vi vel å gå til gudsteneste, eller om vi vel å bruke fritida på fjellet, på reise, på uterestaurant eller berre på vanleg avstressa kvardagsliv.
Same kva vi måtte tru, så vil kalenderen minne oss på det som hende den gongen, og gi oss denne veka til fritt bruk.
Sant å seie er det ei lita og kort forteljing som ligg til grunn for den gåva denne vårveka er.
I min gamle bibel har Matteus, Markus og Lukas fem sider kvar som fortel påskehistoria frå Getsemane til påskedagsmorgon. Johannes greier seg med tre.
Det er alt. Og andre kjelder finst ikkje.
Men denne korte forteljinga er full av dramatikk. Gudesonen, son til den allmektige, kjem på kant med makta, både den politiske og den religiøse. Han blir drepen på bestialsk vis, før han tre dagar seinare sprengjer dødens grenser og står opp frå dei døde.
Kristus har hovudrolla i dramaet, men det myldrar også fram eit persongalleri, menneske som har små roller, biroller ville vi kalle det på teateret. Men dei er viktige for å drive forteljinga framover.
Om dei fleste av desse veit vi lite. Dei kjem inn, spelar si rolle og blir borte.
Dette ville ikkje ettertida godta. Persongalleriet vart for magert. Ettertida og folkefantasien har gripe tak i desse birollefigurane og fylt opp historia ved å forsyne dei med eit liv og ei historie.
Tre av dei har fått meir biografisk påfyll enn dei andre: skurkane Judas Iskariot og Pontius Pilatus og heltinna Maria Magdalena.
Evangelistane har gitt Judas eit elendig ettermæle. Han stal frå felleskassa til apostlane, som han hadde ansvaret for. Å salve Jesu føter med dyr salve, var sløsing, meinte han. Til slutt sveik han Jesus for 30 sølvpengar.
Namnet hans er blitt eit internasjonalt skjellsord, som vår Quisling. Judaskyss er giftige saker, og judaspengar skal ein passe seg for. Dante plasserte Judas i nedste rommet i helvete, saman med Brutus og Cassius, som sveik Cæsar. Der sit dei inne i kjeften på Satan, og der blir dei sitjande.
Men var det så enkelt? Var ikkje hans svik nødvendig om Guds frelsesplan for menneska skulle bli realisert? Var det ikkje Gud som hadde regien og fekk det som han ville? Var ikkje Judas ein reiskap i Guds hand? Kan han / skal han dømmast då? Og dessutan: Var det ikkje Jesus sjølv som kalla Judas og fekk han med seg? Må ikkje han ta ein del av ansvaret?
Ettertida streva med dette.
I 1978 vart det funne eit papyrusskrift i ei hole ved Nilen. Manuskriptet kalla seg sjølv Judasevangeliet. Det fortel om Jesu siste dagar. Her er det Judas som står Jesus nær. Om dei andre apostlane seier Jesus kritiske ting. Han ler av dei fordi dei trur på den katastrofale guden som skapte verda. Han vender seg til Judas: «Du skal ofre den mannen som innhyllar meg», seier han. Han bed Judas melde han til romarane, slik at Jesus kan fylle den oppgåva Gud har gitt han. Men Jesus forstår kva dette vil føre med seg for Judas: «Du vil bli forbanna!»
Jesus og Judas har fleire samtalar i manuskriptet. Sjå på stjernene, seier Jesus: «Den stjerna som viser veg, er di stjerne!»
I evangelia får Judas ein ussel død. I Judasevangeliet blir han henta opp til himmelen, og blir borte i ei skinande sky. Ei røyst talar frå skya, men det røysta seier, er borte i ein brest i papyrusen. Vi får aldri vite kva som vart sagt då Judas fór til himmels.
Fagfolk har godkjent skriftet som ekte, noko yngre enn dei bibelske skriftene. Det og andre funn fortel om mange ulike forteljartradisjonar som fanst i dei første hundreåra av vår tidsrekning.
Ein av tradisjonane såg det då som si oppgåve å berge ettermælet til Judas Iskariot. Det viste seg å vere umogeleg. Judasbiletet frå evangelia var urokkeleg.
Ettermælet til Judas Iskariot lét seg ikkje redde.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.