Om å banne i kyrkja
Den amerikanske økonomen Milton Friedman då han tok imot Nobelprisen i økonomi av kong Carl Gustav i Stockholm 10. desember 1976.
Foto: Peter Knopp / AP / NTB
Vitskapshistoria kan lesast som eit triumftog for den frie og modige tanken, ei evinneleg framgangshistorie. Eller ho kan lesast som ei evigvarande gravferd for trygge og veletablerte gamle tankar, som blir nedkjempa med skrik og skrål, før dei hamnar på den romslege minnelunden historia har for utbrukte og utlevde tankar.
Alle våre tradisjonsrike vitskapar, som fysikk, medisin og teologi, er fulle av forteljingar om strid og kamp, der etablerte tankar slåst for sitt liv.
Økonomien som praksis er like gammal som menneska. Ordet er gresk og tyder å forvalte hus og heim. Og det har menneska, etter evne og ressursar, alltid stelt med.
Teoretisk tenking om økonomi er det lite av i antikken og mellomalderen.
I økonomihistoria reknar ein med at faget økonomi starta med dei franske fysiokratane på slutten av 1700-talet. Deira teori var at naturen, den fysiske verda med sine lover, skulle styre økonomien. Stat og styringsmakt skulle halde fingrane av fatet.
Liknande tankar formulerte Adam Smith noko seinare. Han skreiv om arbeid og arbeidsdeling, og om handlingsfridom som ein føresetnad for ein fungerande økonomi. Med økonomisk handlefridom ville konkurransen med ei «usynleg hand» leie utviklinga mot ein tilstand som var til det beste for alle. Tankane hans tok eit stort rom i økonomisk tenking.
Sidan kom andre med andre tankar. John Maynard Keynes, i mellomkrigstida, meinte at nedgangstider måtte møtast med forbruk og investeringar. Staten måtte inn og bruke pengar. Tankane slo rot i mange regjeringskontor og prega politikken i mange land, mellom anna i Noreg. Mange vil meine at tankane hans viste vegen ut av krisa i 1930-åra.
I 1970- og 80-åra gjorde Milton Friedman lykke med sine tankar om den passive staten. Ronald Reagan og Maggie Thatcher fann mykje tankemat hos Friedman.
Når ein følgjer debattar mellom økonomar, får ein ei uroleg kjensle av at dette minner om debattar mellom teologar. Teologane slit med å vite noko om Gud og å fortelje kva dei veit. Kunnskapsgrunnlaget er springande, gjerne knytt til gamle bøker med uviss status.
Økonomane fylkar seg bak profetane sine: Smith, Keynes, Friedman eller kven det måtte vere. Og så denger dei laus på kvarandre.
Som hos teologane er kunnskapsgrunnlaget flyktig og debatten ilter. Og det er langt på veg lov å seie kva som helst.
I Dagens Næringsliv fortel Terje Erikstad om eit opprør mot vår tids sentralbankisme. Teori og praksis har vore at sentralbanken skal halde auge med inflasjonen og pengeverdien. Samtidig skal dei bidra til god økonomisk utvikling og hindre finanskriser. Og inflasjon kan skapast om folk ventar at det blir inflasjon.
Om dette veit sentralbankane ingen ting, skriv økonomen Jeremy B. Rudd i eit dokument frå den amerikanske sentralbanken. Rudd er ingen kven som helst. Han har hatt det meste av sitt arbeidsliv i sentralbanken, i Det kvite huset og i finansdepartementet. Han er kompetent, og inflasjon er hans fag.
Rudd kan lesast slik at han meiner at tenkinga om inflasjonsstyringa i sentralbankane er «rein nonsens», skriv Erikstad. Verre enn det: Rudd meiner nemleg at økonomifaget er prega av såkalla sanningar som alle byggjer på, men som i realiteten er berre tull.
Inflasjonen rundt oss er stigande. Sentralbanksjefar, både her og der, forsikrar alle om at prisstigninga er mellombels. Prisstigninga vil roe seg. Seier dei.
«Men å tro det, kan altså være bare noe erkesludder», skriv Terje Erikstad, med støtte av Jeremy B. Rudd, som har arbeidd med inflasjon heile sitt liv, og som bør vite kva han snakkar om.
Det er økonomien som fag Rudd utfordrar.
Var det ingen som såg dette kome, spurde dronning Elisabeth då den amerikanske – og sidan den globale – finansmarknaden braut saman for ti år sidan. Det kom få svar.
Det ser ut til at økonomien er ukjent landskap, også for økonomane.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.