Han som miste trua
Bobby Fischer og William Lombardy (til høgre) i 1960.
Då eg såg William Lombardy, «Fader Bill», under VM-kampen mellom Carlsen og Karjakin i New York for eitt år sidan, var han ein sjakkboms som hadde mist trua på samfunnet.
Som ung gut frå fattige kår i Bronx vann han verdsmeisterskapen for juniorar med reint bord – sigrar i alle dei elleve partia. Det perfekte resultatet står framleis som ei unik bragd i sjakkhistoria. Nokre år seinare slo han den nye sovjetiske stjerna Boris Spasskij, og han fekk trua på at han sjølv kunne verta verdsmeister ein dag. Men så dukka den seks år yngre Bobby Fischer opp i sjakklubbane på Manhattan. Då Bill såg talentet til Bobby, skjøna han at det var den nye konkurrenten og kameraten som skulle verta den fyrste amerikanske verdsmeisteren. I staden vart Lombardy, med italiensk far og polsk mor, katolsk prest.
Men han heldt kontakten med Fischer. Dei to var som brør. Stormeisterpresten vart sekundanten til Fischer under VM-kampen mot Spasskij på Reykjavik i 1972. Men etter at han vann VM-tittelen, braut Fischer kontakten med alle, òg med den mest lojale venen han hadde i sjakkverda. Nokre år seinare forlét Lombardy kyrkja som han meinte «berre tenkte på pengar».
Lombardy hadde bak seg dei beste åra i livet. Han hadde mist både kyrkja og Fischer. Den aldrande sjakkpresten var ikkje nokon engel og oppførte seg ikkje alltid med stormeisteretikette. Då eit parti mot Bronx-stormeisteren John «The Fed» Fedorowicz vart brote av for å verta teke opp att neste morgon, skreiv Lombardy følgjande i konvolutten der han skulle forsegla det løynde trekket: «Good morning, asshole!». Med andre ord: Han gav opp partiet.
Mot slutten av livet var han heimlaus. Fleire i sjakkmiljøet freista hjelpa han, men han var mistruisk og takka ofte nei til hjelp. Lombardy døydde førre fredag, 79 år gamal.
Neste gong: Sjakkpresten står i eit sjakkmoralsk dilemma.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Kjelde: Dylan Loeb McClain, The New York Times.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.