JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Homofili og farskompleks

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reuben Fine (1914–1993) var gift fem gonger, men aldri med kvinna til høgre, skodespelaren Jane Nigh.

Foto: Life

2099
20180615
2099
20180615

Kven var den beste spelaren i verda då den andre verdskrigen braut ut? Verdsmeister Aleksandr Alekhin var alkoholisert og på veg mot den eine ulukka etter den andre. Han døydde einsam, diskreditert som nazikollaboratør, på eit hotellrom i Portugal i 1946. Den beste i 1939 var kan henda amerikanaren Reuben Fine, oppvaksen utan far i ein fattig jødisk familie i Bronx under den store depresjonen. Som sjakkspelar er han i dag gløymd av dei fleste, jamvel om Magnus Carlsen nemner Fine som eit førebilete for den universelle stilen han sjølv praktiserer, ein stil der ein skiftar med lett hand frå ein stillingstype til ein annan.

Men Fine forsvann frå sjakken etter krigen då han gjorde karriere som forfattar, professor og terapeut i psykoanalyse. Han vart ein av dei største på fagfeltet i det 20. hundreåret. Naturleg nok fekk han spørsmål om sjakk og psykoanalyse. Svaret var friskt og noko omstridt då han fann at sjakkspelarar ber på undertrykte homofile kjensler. «Karrierevalet til Fine var eit stort tap for sjakken, men kan ikkje ha vore meir enn ein remis for psykoanalysen», kommenterte ein kritikar.

Då geniet Bobby Fischer markerte seg på sjakkscena, tok mor hans kontakt med Fine. Ho var uroleg for den fanatiske sjakkinteressa til sonen og ville at Bobby, som voks opp utan far, skulle møta ein rollemodell med eit bein utanfor sjakken. For å bli fortruleg med guten måtte Fine vinna dei private duellane når dei møttest heime hos psykoanalytikaren. Og Fine vann parti etter parti. «Berre flaks», sa Bobby, men han lytta no til den vaksne mannen. «Korleis går det på skulen?» spurde Fine. «Aha! De freistar lura meg», sa Bobby og forsvann.

Då Fischer vart verdsmeister i 1972, skreiv Fine ein skarp analyse: På alle område i livet – utanom sjakken – var Fischer ein fiasko. Når han vann sjakkparti, hemna han seg på mennene som hadde svikta han. Men tap på sjakkbrettet gav Fischer ei oppleving av å vera audmykt som i barndomen. Fine trudde ikkje Fischer ville spela meir sjakk – og han fekk rett.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis