Ord om språk

Innanfor visse grenser

Ein del trivst ovanfor tregrensa. For andre er det utanfor tolegrensa.
Publisert Sist oppdatert

Berre fantasien set grenser for bruken av grense. Rett nok må me ta omsyn til språkgrensene, for det er slett ikkje alle som har grense i målet sitt. Dei som har det i ordtilfanget sitt, dett radt av lasset dersom me nyttar det på grensesprengjande måtar og lagar setningar som ligg på grensa til det absurde. Det får vera grenser for ordtull! Eller?

Grense har kryssa både landegrenser, fylkesgrenser og dialektgrenser, og det har inga aldersgrense. Det kom seg inn i nordisk frå tysk, som i sin tur fekk det frå slavisk. Grense heng i hop med verbet gro, fargenamnet grøn og trenamnet gran. Forklåringa er kan henda at vokstrar ofte tener som kant eller skilje mellom to område?

Orda grensegang og grenseoppgang kjem gjerne i fylgje med adjektivet vanskeleg. Mange har meiningar om kvar grensa skal gå, anten det dreiar seg om grensa mellom eigedomar, kongerike, kommunar eller meir uhandgripelege saker. Grensetvistar og grensekrigar har det vore mange av. Det kan vera farefullt å bu i ein grenseby, ei grensebygd eller ved ei grenseelv. For ikkje å tala om å vera grenselos.

Nokre tykkjer at det er grenselaust moro å bryta fartsgrensa, spela musikk so høgt at det nærmar seg smertegrensa, eller driva med andre former for grenseoverskriding. Stundom grensar det til vanvit. Men nokre avgrensingar er meir til skade enn til gagn, og då treng me folk som går over alle grenser eller i alle fall flytter grenser og grensesteinar. Tregrensa flytter seg sjølv.

Kjærleiken kjenner visst ingen grenser. Full grenseløyse på alle område er det likevel få som trår etter. Til dømes er det årsmøtesesong no, og møta vert langdryge dersom alle skal tala utan tidsavgrensing. Omgrep som fattigdomsgrense og tolegrense er gode å ha. Mange land held seg med sperregrense. Og når ein er i lag med folk som set tydelege grenser, slepp ein å lura på korleis ein skal te seg (jf. grensesetjing).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement