Kunnskap
Kylling
Over 66 milliardar kyllingar blir slakta årleg, eit utruleg forbruk av liv, ofte med lite omtanke for dyrehelse og -velferd.
På nettsidene sine ber Helsedirektoratet folk om å bli sunnare ved å ete meir fisk, sjømat og grønsaker og byte ut raudt kjøt med kvitt. Men korleis skal vi få betre helse og velferd for slaktekyllingane? Den nye dyrevelferdsmeldinga som blei lagd fram for Stortinget tysdag denne veka, har diverre få svar på det spørsmålet.
I meldinga blir det peika på fleire utfordringar for velferda i norsk kyllingproduksjon. Dette er i stor grad dei same problema som blei diskuterte i førre melding om dyrevelferd, som blei lagd fram i 2003: dårleg tilpassa miljø for nyklekte kyllingar, einsidig avl med hovudvekt på rask vekst, foreldredyr som går på streng sveltefôring for å overleve til dei blir vaksne nok til å leggje rugeegg, og slaktekyllingar som har problem med å gå normalt, og som har ei rekkje andre helseproblem framkalla av den raske voksteren og dårleg miljø i kyllingfjøsa.
Men som for tjue år sidan har også regjeringa Støre skuffande få konkrete forslag til korleis livet til kyllingane skal bli betre.
For mange dyr
Og det er berre å slå fast: Norsk kyllingindustri har hatt utfordringar nok dei siste ti åra, noko vi også kan sjå av stagnasjonen i salet av kyllingkjøt i den same tidsperioden. Det starta med tilsetjing av parasittmiddelet narasin i fôret (2014), heldt fram med striden om bruk av rasktveksande turbokyllingar (2018), og no sist avsløringane av systematisk dyremishandling i svenske besetningar med foreldredyra til dei norske slaktekyllingane (2023).
Kyllingprodusentane og avlsbransjen har heile tida hevda at den raske veksten til turbokyllingar som Ross 308, som til no har vore den vanlegaste kyllingtypen i Noreg, er bra for klimaet og miljøet. Det er fordi desse dyra et svært lite mat for kvar kilo ferdig produsert kjøt, samanlikna med andre husdyr og med dei litt meir saktegåande hybridane, som Hubbard eller Ranger Gold.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.