Dyrisk
Ni liv
Rolla som predator har sikra katten husly hos menneska i mange tusen år.
Foto: Niels Hartvig / Wikimedia Commons
Katten er kanskje det husdyret som har budd lengst saman med oss menneske, men han er framleis eit spesialisert og berre delvis domestisert rovdyr med ein døgnrytme og eit levesett som på mange måtar passar dårleg til eit innandørs familieliv.
Den koselege pusen er også ein nådelaus predator med eit påfallande psykopatisk instinkt for å pine i hel andre dyr. Men katten leiker ikkje med maten av vondskap, ei forklaring kan vere at torturen trøyttar ut byttet og på den måten reduserer risikoen for sjølv å bli skadd, noko som sikkert var viktig ved jakt på større og farlegare fangst enn spissmus og gråspurv.
Den litt schizofrene karakteren som både husvenn og villdyr er kanskje grunnen til at katten vekselvis har blitt dyrka som ein guddom og sett på som eit sendebod frå Satan sjølv.
Katastrofalt
Katten er ein effektiv drapsmann med spisse tenner som går djupt inn i kroppen på dyra dei fangar, noko som ofte fører til store indre skadar. For dyr som slepp unna, kan dauden likevel kome få timar seinare i form av blodforgifting med Pasteurella-bakteriar som er vanlege i munnhola til katten.
Med opphav i den nordafrikanske villkatten har tamkatten følgt i fotspora til menneska rundt om i heile verda. Mange dyreartar er blitt utrydda, særleg små bakkelevande krypdyr, pungdyr og fuglar har vore lett bytte for dei kjære rovdyra våre. Berre i Noreg har vi 800.000 kattar som til saman skader eller drep opptil 68 millionar dyr i året, fleire av artane er allereie på raudlista, som gulspurv og stare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.