Ord om språk

Språkstoff til ettertanke

Det finst mange former for stoff. Du kan blant anna kjøpe gardinstoff, kjolestoff eller anna stoff frå stoffrull.
Publisert Sist oppdatert

Mangt kan verta fyrstesidestoff: ein dramatisk auke i drivstoffprisane, eit politisk framlegg som inneheld mykje politisk sprengstoff, farlege smittestoff på frifot, kjendisar som brukar stoff eller har funne seg utradisjonelt kjolestoff (jf. kjendisstoffsensasjonsstoff).

Folk diskuterer jamleg stoff(mis)bruk. Dersom ein tykkjer at målpolitiske bøker og artiklar er godt lesestoff, veit ein at stoff-bruk òg vert diskutert. Lånordet stoff er reine giftstoffet for tradisjonelt ordstoff!

Det er ei spissformulering, men me er nok mange som brukar stoff der me kunne ha bruka emnekledetilfangto og liknande. Gjer det noko? Å bora meir i dette konfliktstoffet tener ikkje til noko, for det store fleirtalet ser ut til å meina at stoff er good stuff.

Vårt stoff og engelsk stuff kjem av gamalfransk estoffe (moderne fransk étoffe ‘stoff, tøy; materiale’). Opphavet er uvisst. Ein teori er at stoff heng i hop med eit frankisk ord som tydde ‘putta, polstra’, og at det er skyldt verbet stoppa («stoppa sokkar»).

Anten ordrøtene har med tøy å gjera eller ikkje, vert stoff ofte bruka om slikt. Sykunnige folk kan kjøpa gardinstoff frå stoffrull og ordna resten sjølve. Me skil mellom grovt og fint stoff, knitrande kunststoff, brokadestoff, dynestoff, kakistoff og so bortetter.

Meir krevjande er det å laga klede av surstoff og kvelstoff (forelda nemningar på høvesvis oksygen og nitrogen). Her møter me stoff i tydinga ‘emne, substans’. Me har grunnstoffråstoff, eldfaste stoff og kjemiske stoff. Ljosstoffrøyr eller berre ljosrøyr er ‘ljoskjelde i form av eit gassfylt røyr’. Stoffnamn vert helst nytta i eintal: Me talar om snøen og sukkeret, ikkje «snøane» og «sukkera».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement