Ord om språk

Akkurat passe

Publisert Sist oppdatert

Kleda med best passform er ikkje alltid dei mest passande. Kan henda skal me på ei tilstelling med streng kledekode, og då lyt me velja dei plagga som passar seg, endå dei passar oss sånn passe. Vonleg får me innpass likevel.

Førre veka såg me at pass og passa i ulike variantar kjem av latin passus (‘steg’). I moderne norsk tyder passus ‘ein liten bolk eller ei setning i eit skriftstykke’, ikkje ulikt det nærskylde ordet passasje («sitera ein passasje»). Merk elles at passiar og passiara (eig. ‘rådslå’, frå malayisk) er ord på pass- som ikkje er i ætt med passus.

Ein gong var steg (passus) eit lengdemål. Difor har me ei rad pass-ord som viser til mål og mengd.

Me seier at skor og klede som har rett storleik og sit godt, passar eller er passeleg store. Det som passar saman, høver i hop. Det er leitt å vera den eine som ikkje passar inn. Passa kan òg få fram at noko(n) er eigna: «Me ser etter eit passande lokale.» Det passar bra å nytta passa om samsvar («dette passar ikkje med det du sa i går») og sømd («upassande åtferd»). Me kan elles avpassa, innpassa og tilpassa.

Dette passa-verbet kjem frå lågtysk passen (‘ha rett mål’), som heng i hop med fransk pas (‘steg (som lengdemål)’) av latin passus. Frå lågtysk kjem dessutan reiskapsnamnet passar (inspirert av kompass, jf. italiensk compassare ‘ta mål av’, eig. ‘stega opp’) og substantivet pass, som me møter i sopass og til pass.

Sistnemnde tyder ‘høveleg, fortent’ («straffa var til pass for dei») og ‘god, frisk’ («ikkje kjenna seg heilt til pass», jf. utilpass). Jamvel om det er godt at noko passar, kan passe og passeleg nyttast om slikt som er midt på treet («det gjekk sånn passe»). Orda kan endåtil nyttast ironisk: «Eg kjenner meg passe dum no.» «Eg er passeleg lei det gnålet.» So pass på!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement