Ord om språk

Utilpass blindpassasjer

Tour de France-deltakarar kjem ned fjellpasset Iseran i Alpane. Somme vil passere nokon på vegen.
Publisert

«Den som ikkje passar mål, får supa kald kål.» Ja, ein lyt passa tida og jamt over vera påpasseleg, for det passar seg ikkje å koma for seint. Kan henda vert ein sein fordi det er kø i passkontrollen, men ein kan då prøva å seia ifrå til den som passar grytene. Elles er kald mat til pass for ein.

Den som leitar etter passa og nærskylde ord, treng ikkje bruka kart og kompass. Det er berre å sjå ikring seg ved eit passande høve. Pass-orda har vist seg å vera svært tilpassingsdyktige, og dei er på ingen måte passé.

Flokken med skylde pass-ord er sopass stor at me kan setja opp denne hovudregelen: Ord med bokstavrekkja pass er i slekt, bortsett frå passiv og ord som er avleidde av det (dei heng i hop med latin pati ‘lida’). Pass i kortspel («melda pass») og pass i fjellet («fara gjennom eit trongt pass») er ulike pass, men dei passar godt saman, berre me ser etter.

Det sams utspringet er latin passus, som har hovudtydinga ‘steg’. Strengt teke tyder passus ‘utspenning’, for det kjem av latin pandere, som tyder ‘breia ut, spenna ut’ (jf. lånordet ekspandera). Mange etterkomarar av passus (‘steg’) har med gåing og ferdsle å gjera. Å melda pass er – lettvint sagt – å lata spelet gå forbi, og eit pass i fjellet er ein farande veg mellom to toppar.

Frå passus kjem fransk pas (‘steg’). Pas er òg eit adverb (‘ikkje’), men substantivet kom fyrst. Det vart mykje nytta til å forsterka nektingar (t.d. elle ne marche pas ‘ho går ikkje eit steg’). Med tida vart pas ei generell nekting og trong slett ikkje ha med steg å gjera (elle ne boit pas ‘ho drikk ikkje’). I moderne munnleg fransk er pas ofte det einaste nektingsordet i setninga (elle boit pas ‘ho drikk ikkje’).

Eg får vel passet mitt påskrive og so hatten passar om eg ikkje nemner passera. Det kjem frå fransk passer (‘gå gjennom, over, innom’ mfl.), eit verb me òg møter i passé og en passant (‘i forbifarten’). Av passer kjem dessutan passabel og passasje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement