Klimavenleg mat
Er løysinga på klimakrisa ein dehydrert tomat i ein pose?
Klimavenleg: Dette er krydder, meir presist gurkemeie. Men er det slik mat må sjå ut i framtida om vi skal berge klimaet?
Foto: Pixabay
Dette er den vanskelegaste matspalta eg har skrive. Korleis summerer ein opp klimautfordringa ved matproduksjonen i verda på berre tre avisspalter?
Vel, eg har det i det minste lettare enn Toro. Dei har nemleg sett seg føre å oppsummere klimaavtrykket av matvarene dei produserer i eit einaste lite stempel på pakningen.
«Klimamerke for mat», kallar dei det. Den statlege, svenske forskingsinstitusjonen Rise har gjort livssyklusanalysar av CO2-utsleppa til alle råvarene Toro brukar i matvareproduksjonen sin. Dei ligg til grunn for å merke produkta – frå veldig lågt til høgt klimaavtrykk.
Merket skal med tid og stunder innførast på alle produkta til Toro, men det tek tid – den Orkla-eigde produsenten har byrja med supper på pose. Det var truleg lurt: Alle suppene som er testa, har hamna i kategorien veldig lågt klimaavtrykk, definert som under eit halvt kilo CO2-ekvivalentar per porsjon.
Klimapillen
Inneber det at Toro og Rise set for låge krav? Truleg ikkje. Når Toro hevdar at produksjon av tomatsuppe på pose gjev 80 prosent lågare klimautslepp enn om ein lagar tomatsuppa sjølv av hermetiske tomatar, er det heilt sikkert sant. Nett det gjer meg likevel mest av alt trist.
Må vi slutte å lage mat heime for å løyse klimakrisa? Spørsmålet er sett litt på spissen: Eg tvilar på at sjølv Toro ville svare ja, men det er dit vi er på veg, er det ikkje? Når sentralisering og effektivisering og stor skala og industri er svaret på klimakrisa, er det eit slikt samfunn vi er på veg mot. Kanskje får vi endeleg sjå det dehydrerte pillemåltidet som så lenge var ein del av science fiction?
Årsaka er transport av vatn: Tomatane Toro bruker, vert dehydrerte nær der dei er dyrka. Då køyrer vi ikkje kring på så å seie kalorilaust vatn.
Finn ein feil
Vatn har ikkje kaloriar, men det har vekt. Og her finst det eit svakt punkt i livssyklusanalysen til Rise: Ho baserer seg på vekt, ikkje kaloriar. Eit kilo smør har ansvaret for eit utslepp på sju kilo CO2-ekvivalentar, medan eit kilo isbergsalat ikkje slepper ut meir enn 0,2 kilo. Men der eit kilo smør inneheld 7420 kaloriar, er det berre 120 kaloriar i eit kilo isbergsalat. Ser vi slik på det, produserer éin kalori frå smør om lag eitt gram CO2-ekvivalentar, medan éin salatkalori står for nærare dobbelt så mykje CO2.
Vi menneske veks ikkje opp på kilo mat. Derimot treng vi kring 2000 kaloriar kvar dag om vi er vaksne. Men vi veks ikkje opp på berre kaloriar heller, vi treng vitamin og mineral og essensielle aminosyrer og det eine med det andre. Vi er rett og slett temmeleg kompliserte. Truleg meir enn Rise og Toro klarar å famne om.
Mange av oss er mellom anna så kompliserte at vi finn glede i å lage mat frå botnen av. Vi koser oss med råvarer, med dei små skilnadane dei har frå dag til dag, med inspirasjonen og kreativiteten som òg er med på å ta same utgangspunkt i ulike retningar. Vi ser mat og det å meistre å lage han, gjerne heilt frå grunnen av, sånn bokstavleg tala, som ein del av identiteten vår. Ei kjelde til fellesskap.
Likevel. Gleder. Kva er det mot klimakutt? Overflod, eit konsekvenslaust offer på det store, altoppslukande klimabålet? Berre om vi aksepterer premissen om vekst og effektivitet. Om ein tomat som inneheld 90 prosent vatn, er dyrka i Italia, er det dummare å transportere han fersk enn om han vert dyrka innomlands. Smakar betre gjer han òg.
Mykje tyder rett og slett på at det også denne gongen finst fleire vegar til Rom. Der den eine baserer seg på at flest mogleg varer skal dyrkast på same stad for så å bli send lengst mogleg i lettast mogleg form, veks den andre kring deg på alle sider. Verken gleder eller klimakutt kan alltid målast i berre kilo, kaloriar eller CO2-ekvivalentar.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gleder. Kva er det
mot klimakutt?
Fleire artiklar
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.