«Veit de nok, eller kva?» seier volva i Voluspå. Ni gonger seier ho det, kanskje for å gjera lydaren merksam på at ho veit meir, at ho kan halda det gåande lenge. Me som les, vert derimot merksame på at det er mangt me ikkje veit. Til dømes kva Nidhogg held på med i siste strofe.
Sluttstrofa i Voluspå ser i utgangspunktet grei ut. Skrifta og orda er lette å tyda. I ei nesten ordrett omsetjing vert strofa slik: «Der kjem den dimme/ draken flygande,/ den glinsande slangen nedanfrå/ frå Nidafjella;/ i fjørene på seg ber/ – flyg over vollen –/ Nidhogg lik./ No vil ho søkke» (oms. Else Mundal). I omsetjinga til Knut Ødegård endar diktet med verbet søkkja. Ei utilsikta nytolking? Det er skilnad på det å søkkja («senka») og å søkka («siga, fara ned»).) Fylgjande spørsmål melder seg: Er draken ein del av framtidssynene til volva, eller høyrer han til den notida diktet vert framsagt i? Kvifor kjem Nidhogg med dei daude? Er det eit godt eller vondt varsel?
Granskarane har lagt fram ulike tolkingar, og det er uråd å gjera greie for alle her. Den rådande tolkinga no ser ut til å vera at heile den siste strofa høyrer til rammeforteljinga og notidsplanet, der volva og tilhøyrarane hennar er. Nidhogg vert då tolka som eit teikn på at undergangen er nær, og at spådomane til volva er i ferd med å verta røyndom. For om lag hundre år sidan meinte mange granskarar at sluttstrofa skildrar det gode sin endelege siger over det vonde. Andre har hevda at diktet endar med den kristne dommedag.
I artikkelen «Korleis endar eigentleg Völuspá?» (1989) drøfter Else Mundal dei ulike tolkingane, og ho kjem med eit nytt framlegg. Ho meiner at biletet av den flygande Nidhogg er ein del av framtidsvisjonen til volva, og at det høyrer nøye saman med den nye verda som er skildra i strofene føre. Den verda skil seg sterkt frå den gamle. Ho stig grøn or havet, drapsmann og offer (Hod og Balder) lever fredeleg i hop, og ei fiskeørn siglar over fossane, motsett ørna som i ragnarok skrik og slit i lik. I den nye verda er alt betre. Til og med Nidhogg har mildna, meiner Mundal: Han ber lika i fjørene, ikkje i nebbet eller klørne. Han kjem tilbake med dei daude menneska og fører dei inn att i den nye verda. Dette er som sagt éi av mange tolkingar – og truleg den mest særmerkte.
Kristin Fridtun
Fridtun skriv om eddadikt ut juni.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.