JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2343
20170512
2343
20170512

Kva samfunn skapar diktverk der gudane vert uthengde og gjorde til lått, som Loketretta og Trymskvedet? Nokre har tolka skjemten som eit teikn på at vyrdnaden for dei gamle gudane hadde minka. Andre har meint at berre eit samfunn der gudstrua er sterk og stø, kan gjeva seg til å spotta gudane såleis. Det er vanskeleg å prova om det var slik eller slik, for dei overleverte dikta vart nedskrivne etter kristninga.

Det me derimot kan seia for visst, er at mykje av komikken i eddadikta knyter seg til Tor. Mytane om Tor kan ha hatt komiske drag lenge, jamvel i heiden tid. I skaldekvede som truleg vart yrkte før kristninga, finn me døme på at styrken til Tor vert overdrive, og at han hamnar i pinlege situasjonar. Dessutan er det ikkje berre dei opplagt artige eddadikta som inneheld skjemtsame skildringar av Tor. I strofe 26 i Voluspå, som må seiast å vera eit heller alvorstungt dikt, les me at då gudane drøfte kven som hadde blanda mein og svik i lufta og gjeve «Ods møy» til jotnane, vart Tor fælt stridshuga: «Han sjeldan sit / når slikt han fretter!» Ja, alt i opningsdiktet stikk det oss at Tor er ein umogen og stutt-tenkt villbasse. Ordstridane i Loketretta og Hårbardskvedet stadfester at han ikkje er mellom dei gløggaste. Der Loke og Hårbard/Odin glimrar med innful, mangslungen og formfullenda spott, er Tor einspora både i form og innhald. Utsegnene hans er jamnast variasjonar over «eg skal banka deg» og «eg har drepe ein jotun».

Men det finst eit alvor her. Oppgåva til Tor er å verja gudar og menneske mot ymse vonde skapningar, og om han mislukkast, står sjølve verdsordenen på spel. Difor strekkjer han seg svært langt. Medan han til vanleg arbeider på landjorda og i lufta, les me i Hymeskvedet at han vågar seg ut på vatnet og baksar med Midgardsormen. Denne myten var omtykt alt i norrøn tid og er elles attgjeven på runesteinar, i skaldekvede og hjå Snorre. Men korleis endar basketaket? I diktet Husdråpa ser det ut til at Tor drep ormen, andre kjelder fortel at ormen kjem seg fri, fordi Hyme kuttar lina. I Hymeskvedet får ormen eit hamarslag i «hårfjellet» (‘hovudet’), men det er uklårt om han døyr. Sidan ormen ligg som eit band kring verda, er det like greitt at kampen endar uavgjort: Verdsordenen vert såleis stadfest.

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Fridtun om eddadikt.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis