Matmonsen
Mat for skrotnissar
«Brødkniven fann eg ikkje, så brødet måtte skjerast med ein liten grønsakkniv. Men – alt går om ein berre er svolten nok.»
Naud lærer naken fanden å lage omelett.
Foto: Dagfinn Nordbø
Det er ikkje tvil. Eg er ein skrotnisse, og det vert eg mint på kvar gong eg flyttar. Det er som ei vareoppteljing i livet når eg oppdagar alle overflødige ting eg eig. Kvifor har eg åtte ostehøvlar? Jo, eg hugsar at eg nyleg fekk fire stykke i gåve då eg heldt eit matføredrag på Oste-VM i Trondheim.
Men kvifor to kjøkenmaskinar, to blenderar og ti steikepanner? Kva skal eg med ein østersopnar når eg ikkje har opna ein østers på omkring ti år? Og ein eplekjernefjernar? Eller to sett tilbehøyr til kjøtkvern for Kitchen Aid? Kjekt å ha, som det heiter.
Eg hugsar då min ven forfattaren Torgrim var beden på middag hos meg. Sidan eg ser på han som mykje betre på kjøkenet, overlét eg matprosjektet til han. Han skulle då finne nokre kjøkengreier og ropte ut: «Skal eg leite i den rotete skuffen?» Han hadde jo rett. Den skuffen var det totale kaos av kjekt-å-ha-greier.
Men no skal det bli andre bollar. Nytt år, nytt eg. Eg har fylt kjellarbua opp til taket med overflødige objekt, eg har ståande ein heil loppemarknad der no. Kanskje to! Eg kjem til å bli den udiskutabelt største givaren på loppemarknadsfronten våren 2025.
Musikkorpset kjem til å gi meg gullmedalje med eikelauv. Med alle dei kassane dei får av meg denne våren, kan dei finansiere eit utal trompetar, klarinettar, tubaer og xylofonar. Eg elskar musikkorps, sjølv om det av og til læt litt surt. Men det skal jo låte surt i byrjinga. Ingen vert perfekt utan øving.
Elles byr flytting på visse problem når det gjeld å lage mat. Fyrste dagen var eg omgitt av eit utal stablar med pappkassar eg ikkje visste innhaldet i, til og med kjøkenbenken var stappfull. Eg hadde ei lita glipe på ti centimeter der det var mogleg å redde livet med... brødskive på benken. Eg takkar høgare makter for alle dei eventyrleg gode brøda me har fått dei siste åra, til dømes hadde eg fått sikra meg eit ekstra grovt speltbrød av surdeig hos Åpent Bakeri.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.