Frå matfatet
Næringslaus godterisaft
Minus og minus vert ikkje alltid pluss.
Snart får du kjøpt flytande godteri i butikken. Betre enn vatn, i fylgje produsenten. Foto: Lerum
Lerum
«Godteriikoner blir sukkerfri saft!» skriv frukt- og bærprodusenten Lerum i ei pressemelding nyleg: Familieverksemda i Sogn har inngått eit samarbeid med ei anna familieverksemd, godteriprodusenten Brynild med fabrikk i Fredrikstad.
Resultatet av samarbeidet er ein saftserie: Lerum-merkevara ZERoh! med smak av Brynild-merkevarene Gomp, Stupedama og Seigmenn. Ja, seigmennene vert endåtil å finne i to ulike versjonar når desse flaskene treffer butikkhyllene like før påske. Vi forbrukarar kan då velje om vi vil drikke grøn seigmann eller raud seigmann til påskeappelsin og lammelår.
Dette har eg mykje å seie om, merkar eg. Eg byrjar likevel med eit spørsmål: Skal tru om det er vanskeleg å gjere godteri om til saft?
Ei flaske full av tomt
Når eg i førre avsnitt kalla Lerum ei verksemd for frukt- og bærproduksjon, er det ei sanning med modifikasjonar. Ja, dei foredlar tonnevis av bringebær, jordbær, eple og plommer kvart år, men dei har òg god erfaring med å lage produkt som berre læst som dei smakar frukt og bær. Merkevara ZERoh! har i årevis alt vorte produsert i ei lang rekke ulike smakar, alle utan å vere i nærleiken av å innehalde råvara dei er sagt å skulle smake som.
ZERoh! skal nemleg vere kaloritom, sukkertom, næringstom og smakssterk samstundes. Resultatet er ei saft skapt på søtstoff, tilsetjingsstoff og aromastoff.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.