Matmonsen
Heltane
Eg vil ikkje knaske rå fennikel, og kva er no eigentleg ei rå gulrot mot ei som har fått liggje og godgjere seg i omnen?
Heltane som gjer måltidet til ein fest.
Foto: Dagfinn Nordbø
Det er ikkje lett å førestille seg ei verd utan grønsaker. Ein middag utan – ja, det er mogleg, men det skjer ikkje ofte. Smaksrikdomen i den mangslungne grønsakverda er utan ende.
Det gjeld berre å ta seg tida, og ofte er det nettopp der dei store smaksopplevingane ligg.
Eg høyrer ikkje til dei store råkostetarane, så du vil ikkje finne meg på dei såkalla «raw food»-kafeane i byen. Eg synest det er noko stort tøv. Eg vil ikkje knaske rå fennikel, og kva er no eigentleg ei rå gulrot mot ei som har fått liggje og godgjere seg i omnen? Kven vil velje ein rå lauk framfor ein som har fått herleg søtleik gjennom kjærleg varmebehandling?
Vel, eg kjenner folk som vil ha rå lauk på wienerpølsene i kiosken, men eg ser på dei som ein villfaren minoritet. Lauken har jo den bitre smaken for å verne seg, og det er difor vi menneske har måtta finne ut korleis vi får den bittersmaken vekk. Det er ganske så enkelt.
Nyleg fekk eg vite at yngste sonen min mangla ei eldfast form, ho hadde blitt borte på noko vis, og som matgalen far såg eg det straks som mi klare plikt å bøte på dette, og så var det jo eit godt påskot for eit middagsbesøk.
Sidan eg eigde tre slike former (sjølvsagt gjorde eg det), tok eg med ei. Til middagen skulle det vere skrei, noko som altfor ofte vert akkompagnert av kokt gulrot aleine, men vi ville gjere det betre enn som så. Det finst betre metodar enn å koke grønsaker i vatn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.