Frå matfatet
Matprisar
Om prisane på mat skal få skulda for at renta ikkje går ned, skal vi i alle fall vite kva prisauken kjem av.
Det har sin pris: Mat kostar. Stadig meir òg. Kvifor det?
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Har matprisen skulda for at renta ikkje vert sett ned denne månaden heller? No veit vi framleis ikkje om det skjer eller ikkje, men både NRK og Statistisk sentralbyrå går iallfall ganske så langt i å antyde noko slikt etter at prisveksten for februar vart lagd på bordet 10. mars: «Inflasjonen blir spesielt dratt opp av mat og straum», skriv NRK i ei sak med tittelen «Matprisane aukar kraftig». Saka er basert på ei pressemelding frå Statistisk sentralbyrå som slår fast at medan konsumprisindeksen justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) har stige 3,4 prosentpoeng frå februar 2024 til februar 2025, er det same talet for matvarene våre 7,6 prosentpoeng.
Men også matvarer er ein stor kategori. Kva er det eigentleg som driv prisane oppover?
Lat oss dukke ned i Statistisk sentralbyrås tabell 03013: Konsumprisindeks, etter konsumgruppe, statistikkvariabel og månad, sortert på varer og varegrupper. Her finn vi fort den største syndaren: Kokesjokolade har hatt ein prisvekst på 48 prosent. Både Spisesjokolade og Sjokoladedessert har òg hatt prisauke kring 20 og 25 prosent.
I strid med verda
Her fylgjer med andre ord den norske prisutviklinga verdsprisane. Det er ikkje alltid tilfelle. Ris har til dømes vorte 18,8 prosent dyrare dei siste tolv månadane. Samstundes har verdsmarknadsprisane i stor grad gått ned. Mjøl har også vorte 14,7 prosent dyrare det siste året – medan prisen i EU er om lag den same i januar i år som han var i januar i fjor, ifylgje FN-organisasjonen for ernæring og landbruk (FAO).
Det motsette har skjedd med kaffi og te: Her heime er dei blant matvarene som har hatt lågast prisauke det siste året. Medan kaffiprisane har auka 1,1 prosent, har teen stått om lag stille – berre 0,1 prosent auke å spore der. I verda sett under eitt, derimot, har kaffiprisen nærast dobla seg, medan teprisane har auka med over 15 prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.