Frå matfatet

Tollvernet

Kor mykje av prisen du betalar for mat i butikken, er toll? 
 

Toll – ven eller fiende? Eit belasta omgrep for tida, også i matvarebransjen.
Publisert

Nei, det er ikkje lenge sidan sist vi skreiv om matvareprisar i denne spalta. Også då var utgangspunktet påstandar fremma i rikskringkastaren NRK. At NRK prøver å undersøkje kvifor matvareprisane i Noreg stig og stig utan stopp, er heilt på sin plass. Men at innhaldet i og synspunkta som får kome fram somme tider, verkar noko avgrensa, er ikkje like positivt.

Nyleg var skytset retta mot tollvernet – altså det faktumet at Noreg vernar jordbruksproduksjon gjennom tollsatsar på import av dei råvarene vi sjølve produserer. Fyrsteamanuensis ved BI, Ivar Gaasland, fekk stå på Laurdagsrevyen og kalle tollvernet «eit kostbart verkemiddel for forbrukaren, som blir straffa i form av høge prisar og dårleg vareutval». Nestleiar i Frp Hans Andreas Limi fekk kome på Politisk kvarter og seie at «om vi reduserer litt på importvernet, vil det bli meir attraktivt for andre daglegvareaktørar å prøve å konkurrere i den norske daglegvaremarknaden, fordi i Noreg er det framleis kjøpekraft». Konkurransetilsynet fekk ei eiga nettsak til å seie at dei meiner det er på høg tid å gjere noko med tollvernet – fordi «toll på mat er den største hindringen for å bedre konkurransen».

Tunge aktørar frå både stat, forsking og politikk er altså samde. Blir det dei seier, sant av den grunn? Og er det så sikkert at lågare toll vil føre til lågare forbrukarprisar?

Lat oss fullføre resonnementa deira: Det eine argumentet baserer seg på at det å fjerne toll på varer som fløyte, smør, potet, salami, mørbrad, lammekotelettar og gulrot gjer at vi kan hente desse matvarene får land som kan produsere dei billegare enn vi kan i Noreg. Dette går altså på auka konkurranse på produktnivået.

Det andre argumentet handlar om at dersom vi opnar for friare flyt av alle matvarer frå alle land, vert det lettare for nye daglegvarekjeder – som Carrefour, Hemköp eller Tesco – å ta med seg konseptet dei har i andre land inn i Noreg for å tilby meir konkurranse – og med det lågare prisar – på kjedenivået.

Begge desse argumenta fungerer godt – i teorien. Det er i praksis dei møter på nokre utfordringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement