Frå matfatet
Mellomrom på meieriet
Nyansar er bra. Men kan det verte for mykje av det gode?
Mykje rart i meierihylla. Kan det verte for stort utval? Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Hm. Er det alt vår? Nei, eg trur dei færraste meiner at våren byrjar tidleg i mars. Det hindrar likevel ikkje at daglegvarebransjen om lag på denne tida lanserer sine nye produkt for våren – kvart år.
To gongar i året, vår og haust, er det lanseringsvindauge i matbutikkane våre. Då kjem alle matprodusentane med alle nyvinningane dei har klekt ut på laboratoria og kontora sine det siste halvåret. I år verkar det som i det minste meieriprodusentane har vorte samde om eit felles tema: mellomrom.
Tine har kanskje teke det aller mest bokstavleg. Dei lanserer nemleg Mellommelk: fersk kartongmjølk med 2 prosent feitt.
Det vil seie at vi no får kjøpt drikkemjølk frå Tine med 0,5, 0,7, 1, 1,2, 2, 3,5 og 4,1 prosent feitt – i tillegg til den tilnærma feittfrie skummamjølka. For eit mangfald, folkens!
Også i osteverda vert nyansane fleire. Både Tine og Synnøve Finden lanserer nemleg ekstra proteinrike variantar av kvitostane sine. Tine kjem med Norvegia Proteinrik og Synnøve Finden med Protein Gulost – begge med eit proteininnhald på 31 prosent. Men der Synnøves gulost berre har fått plass til 10 prosent feitt, har Norvegia Proteinrik fått lov å ha heile 16 prosent feitt. Det er like mykje feitt som Synnøve Findens Gulost i lettvariant.
Og har du sett: Det er også like mykje – eller lite, alt etter korleis ein ser det – feitt som i Norvegia Lett. Norvegia Lett har faktisk heilt identisk næringsinnhald som Norvegia Proteinrik. Er dette til sjuande og sist faktisk same ost – i ulik innpakning? Prisen er heller ikkje så ulik – i nettbutikken til Meny kostar Norvegia Lett i skiver for tida 220,67 kroner per kilo, medan Norvegia Proteinrik ligg på 232,67 kroner. Protein står med andre ord litt høgare i kurs enn feitt nett for tida. Men noko av nyansane trur eg vi kan slå fast at forsvann i dragsuget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.