Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Monsteret og bukken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Garri Kasparov, «monsteret med tusen augo», maktar ikkje lenger vinna sjakkparti.

Foto: Spectrum Studios

2150
20170825
2150
20170825

Det er mykje som gjer Bobby Fischer (1943–2008) og Garri Kasparov (f. 1963) til dei største. For å skapa legenda om seg sjølv var det kan henda ikkje så dumt av amerikanaren å halda seg unna sjakkbrettet etter VM-sigeren mot Boris Spasskij i 1972. Då han endeleg kom attende tjue år seinare, i 1992, var det for å spela ein privat match mot ein tilårskomen Spasskij. Fischer møtte aldri verdseliten, Anatolij Karpov eller Garri Kasparov, i alle desse åra. «Han ville ikkje ha hatt ein sjanse mot oss i 1992», sa Kasparov etter å ha sett Fischer slå Spasskij for andre gongen.

I 2005 trekte Kasparov seg frå toppsjakken. Han hadde vunne alt og dominert på sjakkscena i tjue år. Tolv år seinare er det mykje prestisje som står på spel når legenda, no 54 år gamal, utfordrar verdseliten – minus Magnus Carlsen – til 27 parti i snøggsjakk og lynsjakk i den amerikanske byen St. Louis. Men ein skjønar snøgt kvifor ei legende gjer best i ikkje å syna seg for ofte. Han som vart kalla «monsteret med tusen augo», maktar ikkje lenger vinna sjakkparti. Han som var så sterk og aggressiv, vekslar no mellom tap og remis. Etter tre dagar med snøggsjakk har han berre 3,5 av 9 poeng. Den fyrste dagen med lynsjakk endar på same viset. Når sjakkfolket har mist trua på den gamle legenda, kjem endeleg ei sterk avslutning den siste lynsjakkdagen, med sigrar over amerikanarane Caruana og Nakamura og 5,5 av 9 poeng.

Kasparov skjønar godt at sjakken har utvikla seg på tolv år. Med Carlsen som den leiande spelaren er sjakk i dag fyrst og fremst sport. Kasparov har arbeidd med Carlsen og studert den nye sjakken, men han har ikkje den daglege praktiske treninga for å kunna kjempa i kvar stilling i kvart parti. Han vil skapa eit fyrverki av eit kunstverk på brettet, men motstandarane er ikkje lenger interesserte i slikt. Dei er kyniske, og dei vil ha poeng. Dei spelar snøgt og uteoretisk, slik at den gamle mannen vert sitjande å grubla. Men han er ikkje lenger ven med tida. I tidsnauda kjem den eine «bukken» større enn den andre og et opp legenda om «monsteret med tusen augo».

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis