JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2346
20170428
2346
20170428

Nest sist i Codex Regius av Den eldre Edda står det vesle diktet Gudruns egging. Dei som kjenner den norrøne bokheimen, skjønar av tittelen kva som kjem. Både i islendingesogene og annan norrøn litteratur møter me kvinner som eggjar ein eller fleire menn til dåd. Egginga vert stundom omtala som fr?ja (‘lasting, fornærming’), for egginga går gjerne ut på å seia at karane er reddhuga eller late som sit heime i staden for å hemna ein urett. I originalteksta er Gudruns egging kalla hvöt (‘egging, tilstøring’). Ordet er i ætt med hvatr (‘kvass; snøgg’) og tyder opphavleg ‘kvessing’.

Utsegnene til Gudrun er kvasse og kvessande på mange vis, men diktet opnar – som så mange andre dikt – med ein prosastubb. Han har tittelen «Om Gudrun» og fortel kva som hende då Gudrun hadde drepe Atle og sønene deira. Me får vita at Gudrun freista drukna seg i sjøen, men ho sokk ikkje – i staden rak ho over fjorden og vart gift med han som rådde der, kong Jonaker. Dei fekk tre søner saman, og Svanhild, dotter til Gudrun og Sigurd Fåvnesbane, voks opp i lag med dei. Svanhild vart seinare vart gift med kong Jormunrekk, men så vart ho skulda for utruskap og trakka i hel av hestar etter ordre frå Jormunrekk. Dette er bakgrunnen – her byrjar strofene i bunden form.

Etter ei innleiande strofe får Gudrun ordet, og talen hennar opnar med ein smell: tre bankande versliner som alle tek til med ordet hví. Egginga hennar kan samanfattast slik: «Korleis kan de sitja her og ha det artig når syster dykkar er drepen? Om brørne mine var i live, hadde dei hemnt henne!» Alle veit at sønene er sjanselause mot Jormunrekk, men dei lyder mor si. Gudrun er nøgd: Ho ler medan ho finn fram hærklede åt dei. Det er eit vondt varsel. Kven andre i diktsyklusen skratta etter vellukka egging? Brynhild, som fekk Sigurd drepen. I strofe 15 i Brot av eit Sigurdkvede les me at ho fyrst lo, så gret ho. Og sanneleg: Då sønene til Gudrun har reist av garde, græt ho òg. Egginga vert avløyst av klagesong. Dinest kjem Hamdesmål, som òg byrjar med at Gudrun eggjar sønene, men dette diktet liknar meir på eit typisk heltedikt. Men båe er heltedikt. Skilnaden er at i Hamdesmål fylgjer me karane ut på hærferd; i Gudruns egging vert me verande hjå Gudrun. Og ho har gode grunnar til å gråta.

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Fridtun om eddadikt.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis