Frå sjakkverda
Ni av ni
Magnus Carlsen møter den tyske fansen i Karlsruhe.
Foto: Dariusz Gorzinski / Grenkechessopen
Kan éin mann endra sjakkreglane aleine? Bobby Fischer freista dette i Buenos Aires i 1996 då sjakkvarianten Fischer Random, som på norsk på NRK 22 år seinare vart døypt «fischersjakk», vart skriven ned på papir. Ei loddtrekking rett før partiet avgjer plasseringa til offiserane, slik at spelarane ikkje kan førebu seg med sjakkteori. Men eksentriske Fischer gjekk i grava på Island i 2008 utan å ha lukkast med å popularisera den reine hjerneduellen.
Kan Magnus Carlsen lukkast på eiga hand? Nei, verdseinaren må ha ein hjelpar, den tyske milliardæren Jan Henric Buettner. Saman har dei to kuppa sjakkverda og endra namn på fischersjakken til «fristil». Med pengane til tyskaren og trekka til Carlsen vil dei spreia eit bodskap om sjakk som kunst og sport, utan teori (vitskap) og keisame remisar.
Slik var sjakken frå år 600 til utpå 1900-talet – altså kunst og sport. Slik er sjakken framleis for ein milliard menneske verda over og 1,4 millionar nordmenn som spelar på chess.com. Men for dei aller beste er den tradisjonelle sjakken altfor mykje variantpugging, og Carlsen er lei.
Tidlegare i april vann Carlsen ei eksklusiv, lukka fristilturnering med lang tenkjetid i Paris, der han slo amerikanaren Hikaru Nakamura i finalen. Men kva så? Kven bryr seg? Den nye fristilen må vera spektakulær, ha noko ekstra som får amatørane til å drøyma.
Carlsen drog difor vidare i påskeveka til Karlsruhe i Tyskland, til den største sjakkfestivalen i verda med 3000 spelarar. Duoen Carlsen-Buettner lokka verdseliten til ei open fristilturnering der amatørar og «vanlege» stormeistrar skulle få sjå Carlsen-magi på nært hald. Carlsen møtte sju sterke stormeistrar på ni rundar – og vann alle partia. Ni av ni.
For Carlsen, som gjennom 20 år har vunne alt som er å vinna på eit sjakkbrett, er denne prestasjonen kan henda den aller mest imponerande. Kor mykje betre han skjønar sjakk enn resten av verdseliten, vert tydeleg når ein tek bort den datastyrte opningsteorien frå tradisjonell sjakk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.