Ømme tær
Om du har ramla og fått ein øm og hoven fot, plar det hjelpa at nokon smiler ømt og spør om det er noko dei kan gjera – eller seier nokre ømme ord og stryker deg ømt på kinnet. Skal tru korleis det ømme kan vera både godt og vondt?
Den vonde og leie «ømskapen» er eldst. Adjektivet øm kjem av norrønt aumr, som tyder ‘ussel, elendig, ulukkeleg, fattig’. Islandsk aumur vert framleis nytta i tydinga ‘elendig, stakkarsleg’, men ordet kan òg tyda ‘øm, sår’: «Hún var aum í fætinum (øm i foten).» Det same gjeld færøysk eymur, som attpåtil kan tyda ‘kjærleg’, til liks med vårt øm. Dimed femner ordet både elende og kjærleik. Og slik har det vore ei stund, for alt i norrønt fanst ordet aumhjartadr (‘medynksam’). Spennet i tyding er stort. Men det heng på eit vis saman likevel: frå ‘elendig, ussel, som vekkjer medynk’ til ‘prega av ein ussel tilstand (skade, sjukdom e.l.) som valdar smerte’ og derifrå til ‘kjensleg for fysisk eller psykisk påverknad’ og til sist ‘som er full av (varme) kjensler, som vitnar om medkjensle og omhug’. Dessutan har mange av oss røynt at ein kan vera so glad i nokon at det mesta gjer vondt. Ordet ømhjarta er soleis råkande.
Men kva med ømfintleg? Er det både ømt og fint? Vel, her har språket stelt det fint til. Ømfintleg kjem frå tysk empfindlich (‘kjensleg’). Førefestet er opphavleg ent-, ei sideform av unt-, men i norsk og dansk fekk det forma øm- etter påverknad frå adjektivet øm. Med andre ord: Ømfintleg og øm gjev seg ut for å vera i ætt, men er det i grunnen ikkje. Dei av oss som helst styrer unna tyskætta låneord, har mange avløysarar å velja mellom, som ømskinna, ømtolen og ømtolug. Visse skilnader er det, sjølvsagt: Personar som er vare for ljos, får stundom høyra at dei er ljosømfintlege, men ljosømskinna er dei vel ikkje? Slike ømtoluge spørsmål lèt me liggja.
Sameleis som det er vondt å riva opp gamle sår og strøya salt i dei, er det vondt når nokon rører ved eit ømt punkt. Då fell det lett å ynka seg, eller ömka seg, som det heiter på svensk. Båe formene kjem av norrønt aumka (‘ynka’). Svenskane har òg substantivet ömkan (‘medynk’) og adjektiva ömklig og ynklig (‘ynkeleg’), som ter seg i det gamle fyndordet «det är ömkligt att höra lössen hosta» – jamfør vårt «det er leitt å høyra lusa hosta».
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.