Med nasen i sky
I dag skal me rosa sky opp i skyene. Dette vesle ordet spelar ei stor rolle i daglegtalen vår. Når me talar om det som hender oppe på himmelen, og det gjer me temmeleg ofte, plar sky bryta gjennom skylaget av andre ord.
Ordtaka våre om skyer målber at den som er liten, kan få mykje å seia: «Ei lita sky gjer stor skugge.» «Lita sky kan skyla (el. skjula) både sol og måne.» Mykje tyder på at sky kjem av ei rot som tyder nettopp ‘løyna, dekkja’, og at sky dimed er i ætt med skjul (før: skjol), skyla/skjula og skur (‘lite uthus’). Det kan vera freistande å kopla sky til skugge (bm. skygge), men i Våre arveord (Bjorvand og Lindeman) vert den teorien vraka. Der står det at skugge truleg kjem av ei rot som opphavleg tydde noko slikt som ‘noko ein ser eller skimtar som eit atterskin i glas, vatn eller liknande’ (jf. norr. skuggsjá ‘spegel’).
Sky kom inn i engelsk frå norrønt, og i engelsk har ordet etter kvart fått tydinga ‘himmel’. Ved fyrste augnekast kan det verka underleg. Men me òg nyttar sky om himmelen eller lufta, i alle fall i vendingar som «mot sky» og «i sky». Når me syng at lerka jublar høgt i sky, meiner me ikkje at ho jublar inn i skydekket.
Folk talar meir og meir om «skya» i tydinga ‘samling av datatenester’, men det meste av skysnakket vårt har framleis med rettelege skyer å gjera. Me talar om høgt, lågt og skiftande skydekke. Det er lettskya, overskya eller tilskyande. Det skyar opp, på, til og over. Skyflak driv over himmelen, og tunge eller mørke skyer samlar seg (jf. skybakke, skybanke). Her finst skybrot, skydottar og skypumper. Me skil mellom fjørskyer, makrellskyer, perlemorskyer og ei rad andre skyer. Innimellom skin sola frå skyfri himmel.
Sidan skyene sviv høgt oppe, kan me nytta sky når me talar om høge saker (skyhøge prisar, skyskraparar) og folk som vantar bakkekontakt («sveva i skyene») eller er kjepphøge («setja nasen i sky»). Ordlaget «i villan sky» (el. «i vilden sky») skal opphavleg ha vore nytta om det å jubla eller ropa høgt og vilt. Det er òg vanleg å omtala stemningar som vêrtilhøve, jamfør utsegner som «det kjem uvêrsskyer inn over idyllen deira». Tette samlingar av noko i lufta vert òg kalla skyer: støvsky, røyksky, «gå inn i ei sky av fluger», «håret stod i ei sky kring hovudet hennar».
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.
Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records
Praten flyt lett
Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»