På ørnetuva
Me har eit gamalt ordtak som seier at «d’er ikkje alt ørn, som er krokut i nebben». Me menneske kan ha ørnenase og ørneandlet – og jamvel ørneaugo eller ørneblikk. Stundom ser me òg at folk «ørnar til seg» (tek grådig til seg) og slåst som ørnar og gribbar om dei siste godbitane. Men kva anna syslar ørna med?
I vår krok av verda ber ho stort sett det same namnet. Ord som norrønt ari og örn, norsk ørn, gamalengelsk earn (no borttrengt av det romanske låneordet eagle), nederlandsk arend, eldre tysk Aar og tysk Adler (eig. adel-are «edel-ørn»: kongeørn) kan alle sporast attende til den same germanske rota. Indoeuropeiske slektningar er gresk ornis (‘ørn, stor fugl’, jf. ornitologi) og litauisk erelis (‘ørn’). Personnamn som Arnold, Are, Arnhild og Arne høyrer òg heime her. Vidare plar me skilja mellom ulike slag ørnar, og same ørna kan ha mange namn: Kongeørna vert òg kalla landørn, slagørn og svartørn. Mindre majestetiske ørneslag er luggørn (‘person som gjer seg vid og brei’) og suvlørn (‘storetar’).
Rettelege ørnar er vene å sjå til, men det er keitt å koma i nærkamp med dei. Om du vil målbera at nokon kjem i ei lei knipe, kan du stutt og greitt seia at dei «kjem i ørneklo». Når nokon går med sundrivne eller slitne klede, kan me seia at dei er ørneslegne (eller haukrivne). Åtaket til ørna er i det heile kjent for å vera kaldt og kvast, jamfør samanlikningar som dette: «Han slo ned på byttet sitt som ei ørn over eit lam.» Sidan ørna er skarpsynt, sterk og storfelt, er det forståeleg at maktglade personar og statar gjerne vel seg ørna som symbol. I motsett ende av skalaen har me den godslege vendinga «gamle ørn».
Mindre godslege er ørnane i den norrøne litteraturen. I Snorre-Edda står det at jotunen Tjatse tok ein ørneham og drog «arnsúg í flugnum». Substantivet arnsúgr tyder ‘sòg eller vinddrag av ei flygande ørn’. I omsetjinga heiter det at Tjatse flaug «så det berre susa i vengene». I Skirnesmål seier Skirne til Gerd at om ho ikkje lyder han, skal ho sitja «på ørnetuve», med andre ord på ein avsides, lite framkjømd stad, utan von om noko sosialt liv. Men verst er den gamle drapsmetoden dei kalla blodørn («rista blodørn/ørn på nokon»): å skjera laus ribbeina frå ryggsøyla og trekkja ut lungene (sjå t.d. Heimskringla).
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.