På toppen
Aleksandr Rjazantsev, Elbrus 22. august 2017.
Foto: privat
Lev Tolstoj sa at sjakkspelaren er meir lik ein skreddar enn ein forfattar. Skreddaren må ha ein plan før han syr ei brok. Berre forfattaren kan skriva i veg utan mål og meining. Etter det eg skjønar, må fjellklatraren òg ha ein plan.
Nikolaj Krylenko leidde i 1932 ein sovjetisk ekspedisjon i Tadsjikistan, i Pamirfjella. Dei nådde toppen av Garmo (6595 moh.), men dei skjøna òg at dette ikkje var det høgste punktet i Sovjetunionen. Dei såg ein namnlaus topp tjue kilometer lenger nord. Året etter, i 1933, vart denne toppen erobra, og han fekk namnet Stalin-tinden (7495 moh.), seinare Kommunismetinden (Pik kommunizma).
Krylenko var kamerat av Stalin, som gjorde han til ein vellukka sjef for sjakken i Sovjetunionen. Ingen i sjakkhistoria har så mykje på samvitet som Krylenko. Sjakkmateriell vart sendt ut til landsbygda og til millionar av arbeidarar på fabrikkane.
Krylenko nådde stadig nye høgder under Stalin. Han vart justisminister og statsadvokat med ansvar for fleire av dei aller tidlegaste «Moskva-prosessane» på 1930-talet. Fjellklatraren og sjakkspelaren var bøddel for uskuldige menneske i tusental. Det var ein farleg veg, òg for Krylenko sjølv. Han vart til slutt arrestert med skuldinga «Du driv med fjellklatring, medan vi arbeider.» Stalin tok livet av Krylenko i 1938.
Livet til stormeister Aleksandr Rjazantsev (f. 1985) er mindre dramatisk, men han er eit produkt av den sovjet-russiske sjakk-kulturen som Krylenko bygde opp. I 2016 vart Rjazantsev russisk meister. Det er eit kvalitetsmerke på same viset som når ein vinn noregsmeisterskapen i langrenn, og difor viktigare enn at han òg vart europameister i snøggsjakk same året.
Men Rjazantsev hadde òg ein annan plan – han ville spela sjakk på aller høgste nivå. Han tapte to instruktive sluttspel mot Magnus Carlsen i VM i snøggsjakk og VM i lynsjakk i romjula 2016, men så endeleg, i august i år, fekk han med seg ein gjeng sjakkspelarar opp på Elbrus (5642 moh.) i Kaukasus, det høgste fjellet i Europa. Europameisteren kunne sjå utover kontinentet sitt og spela eit sjakkparti på eit nivå Carlsen aldri har vore.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?