JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Partiet før stumfilmen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dmitrij Sjostakovitsj (1906–1975).

Dmitrij Sjostakovitsj (1906–1975).

Dmitrij Sjostakovitsj (1906–1975).

Dmitrij Sjostakovitsj (1906–1975).

2122
20180629
2122
20180629

Sjakkinteressa heldt han til det siste: I 1972 var Dmitrij Sjostakovitsj på eit skip på veg til London samstundes med VM-kampen i Reykjavik mellom Fischer og Spasskij. Med hjelp frå radiotelegrafistane om bord kunne han fylgja utviklinga i VM-kampen, skriv historikaren I. Romanov i tidsskriftet «64», nr. 2/1982.

Det byrja i Leningrad på 1920-talet. Sjostakovitsj elska det nye mediet: stumfilmen. Han tok arbeid som akkompagnatør i kinosalen og gav publikum litt ljod til bileta. Ein gong møtte han ein mann i foajeen som såg granskande på eit sjakkbrett. Eit par publikumarar hadde forlate brettet like før for å sjå ei framsyning. Mannen fann stillinga måteleg interessant og rekna på eit par variantar. Sjostakovitsj gjekk bort og sa: «La oss ta eit parti.»

Den framande mannen granska den unge musikaren frå topp til tå, smilte og nikka med hovudet. Etter fire–fem trekk såg mannen spørjande på Sjostakovitsj, som om han tenkte «dette var då ei merkeleg opning». Sjostakovitsj meinte at mannen hadde gjort ein feil og gjekk direkte til åtak. Men snøgt var det kongen til musikaren som stod naken på brettet. Aldri før hadde Sjostakovitsj tapt eit parti så knusande. Åtaket til musikaren var så harmonisk komponert, men likevel vart han sjølv matt. Motstandaren smilte lurt.

«Har du spela lenge», spurde mannen. «Tre år». «Veit du kven eg er», spurde han vidare. «Nei», sa Sjostakovitsj perpleks. «Aleksandr Aleksandrovitsj Alekhin».

Alekhin gjekk inn i kinosalen til ei ny framsyning. Sjostakovitsj var sjølv publikum den dagen, men fekk ikkje med seg noko av handlinga. Heile tida kikka han bort mot Alekhin. Nokre år seinare, i 1927, slo Alekhin cubanaren Capablanca og vart verdsmeister. Sjostakovitsj kunne seia med byrgskap: «Eg var sparringspartnaren til Alekhin!»

Det finst mange liknande historier om møte mellom amatørar og verdsmeistrar, men denne trur eg på. Komponisten Sjostakovitsj var altfor kjend til å kunna dikta opp slikt. Han høyrde til det same sjakkmiljøet som komponisten Prokofjev og fiolinisten Ojstrakh.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis