Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2389
20170804
2389
20170804

Allting har ein ende, men pølsa ho har to – og det er gjerne der rosinene er. I ordboka til danske Matthias Moth frå om lag 1700 finn me ordet pølseende, og som bruksdøme har Moth valt formuleringa «tre rosiner i pølseenden». Så har me Hanna Winsnes, som fortel korleis du kan laga blodpølse utan at «Fedt og Rosiner synker hen i den ene Ende» (1845, s. 52). Like fullt har «rosina i pølsa» vorte eit kjent ordlag for ’høgdepunktet, det beste (som kjem sist), prikken over i-en’.

Diverre finst det ikkje noka etymologisk rosin i ordet pølse. Me veit ikkje eingong kvar det kjem ifrå. Mange gissar at ordet er i ætt med mellomlågtysk pole, pule og nederlandsk peul, som tyder ‘ertebelg’. Grunntydinga til pølse kan såleis vera ‘sekk, belg’. Men kjært barn har mange namn: I norsk har me òg ordet kurv, jamfør svensk korv, og i tysk har me Wurst. Båe orda har uvisst opphav. I engelsk og dei romanske måla finn me nemningar som er avleidde av latin salsus (‘salta’), som engelsk sausage og spansk salchicha.

Namnet på pølsa plar seia noko om kva ho inneheld eller korleis ho er laga. Me har innmatpølse, grynpølse, rullepølse og røykjepølse. Men kva med servelatpølsa? Jau, her er det i røynda tale om hjernepølse, etter italiensk cervello (‘hjerne’), for pølsa vart opphavleg laga av hjernemasse. Elles veit me at sjøpølsa ikkje er sjø i ei pølse, men ei pølse i sjøen.

Pølser plar vera så godt stappa at dei fyller ilåtet eller hylsteret sitt fullt ut. Det hender at folk opplever noko av det same, mellom anna når buksa er trong som eit pølseskinn.

Tradisjonell pølsemaking er ein eigen kunst med tilhøyrande ord og vendingar, og mange av dei har med tid å gjera, som ordtaket «d’er ikkje så vandt om ei pølse i slaktetida». Då er ei pølse noko smått som du lett får tak i, dimed er slaktetida ei lagleg tid å koma på. Me kan jamvel bruka pølse til å målbera at einkvan kjem i rett tid: «No kom du pølse til pass», d.e. ‘akkurat tidsnok’. Då vert det kanskje ikkje tid til pølsesnakk og pølsevev: laus og usamanhengande tale – som fyllet i ei pølse? Eldre dansk har òg ordlaget «snakke som en (kød)pølse», og pølsa kan då vera open i båe endane, så det renn og renn, eller stengd i båe endane, så talen vert utydeleg. I alle fall: Det er råd med den pølsa som er for lang.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis