JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2372
20170623
2372
20170623

Me har alt vore innom dei eddaliknande heltedikta som ikkje er komne med i hovudhandskriftet med eddadikt, og som i staden vert omtala som Eddica minora (Den mindre/ringare Edda). Men det finst òg nokre dikt med mytologisk innhald som ikkje er med i Codex Regius av Den eldre Edda. Dei «apokryfe» gudedikta har fått meir merksemd enn dei tilsvarande heltedikta, og to av dei er tekne med i alle dei norske omsetjingane: Balders draumar og Rigstula. I tillegg til dei har me Hyndleljod, Grottesongen, Grogalder og Fjolsvinnsmål. (Nokre reknar òg med Forspjallsljod.) Lat oss sjå nærare på to av dei.

Opningsscena i Balders draumar er like rørande som ho er illevarslande. Balder er plaga med vonde draumar, og gudane samlar seg på tinget og drøfter kva dei skal gjera. I neste strofe får me vita at Odin legg sal på Sleipne og rid mot Nivlhel. Herifrå vert det berre nifsare: Dette diktet inneheld nokre av dei uhyggjelegaste versa i eddadiktinga. Den fyrste Odin møter, er hunden frå Hel. Han har blodig bringe, og han gøyr og gøyr. Odin kjem seg framom og rid til ei volvegrav, der han gjev seg til å kveda ein valgalder (trolldomssong som vekkjer opp dei daude). Å driva med trollkunster var rekna som kvinneleg, men Odin har ved fleire høve kryssa den grensa. Galderen verkar: Volva vaknar og talar sine «lik-ord», som det står – og ho er ikkje blid! Motviljug fortel ho Odin, som gøymer seg bak namnet Vegtam, om dauden til Balder. Det heile endar i ei kvass – men noko gåtefull – ordveksling.

Eddadikt flest har namn etter ein av dei levande skapningane i diktet, men Grottesongen har namn etter kverna Grotte, som er laga slik at den som mel, kan seia kva ho skal mala, og så gjer ho det. Kong Frode får fatt i kverna og kjøper to sterke tenestejenter, Fenja og Menja, som han set til å mala gull. Kvila får dei ikkje. Omsynsløysa og fåvitet til kongen slår tilbake på han sjølv. Sidan han ikkje brydde seg med å spørja jentene om bakgrunnen deira, veit han ikkje at dei er jotnar med valkyrjefunksjonar: Dei har makt til å hjelpa kongar dei har sans for, og gjera ende på kongar som gjer ein dårleg jobb. Kongen veit heller ikkje at jotnar har laga og råder over Grotte. Såleis driv han grov utnytting av ein ressurs han kan altfor lite om. Det straffar seg.

Kristin Fridtun

Fridtun skriv om eddadikt ut juni.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis