Dramaqueen og dronningdrama
Garri Kasparov og Maurice Ashley fylgjer dramaet i Paris.
Foto: Lennart Ootes.
Magnus Carlsen er sjakkens Usain Bolt, Petter Northug og Jurij Gagarin. (Den siste samanlikninga fekk eg frå ein eldre russisk sjakkjournalist). Der Carlsen er, vert det sjakkdrama. Publikum og kommentatorar kjenner ein magnetisk dragnad mot partia til Carlsen. 27 parti med snøggsjakk og lynsjakk i Paris Grand Chess Tour stadfesta dette nok ein gong.
Etter tre dagar med snøggsjakk var Carlsen suveren på topp. Spelet var av beste Carlsen-årgang. Men det var då dramaet byrja.
Akt 1. Stormeister Maurice Ashley, den beste sjakkommentatoren i verda, intervjuar Carlsen etter det siste snøggsjakkpartiet og kjem i skade for å seia at den siste sigeren ikkje var lytefri («Not so smooth»). Ashley er den einaste som kommenterer sjakk som om det var amerikansk baseball eller basket – med stor innleving. Carlsen vert irritert og sur, og sjakkverda deler seg i to: Carlsen versus Ashley. Kommentatoren frå Jamaica tek oppstyret med godt humør: «Eg var klår til å dukka då eg trudde han skulle slå meg ned. Men sjakken treng litt drama!»
Akt 2. Fyrste dag med lynsjakk byrjar strålande for Carlsen, som etter fire rundar og fire sigrar set ny verdsrekord med ratinga 2964. Men i femte runde møter han den tredoble lynsjakkverdsmeisteren Aleksandr Grisjtsjuk. Russaren har berre ein konge og ein laupar attende når nordmannen gjer ein klønete manøver med ei brikke i handa og … tapar på tid! «Not so smooth». Etter dette kollapsar Carlsen.
Akt 3. Andre dag med lynsjakk, den femte og siste dagen, har Carlsen ei dronning ekstra mot Maxime Vachier-Lagrave. Franskmannen, sekundanten til Carlsen frå VM-kampen mot Karjakin, kjempar heroisk mot overmakta. Dronninga til Carlsen svinsar omkring på brettet, men utan mål og meining. «Not so smooth». Carlsen tapar nok eit tidsnaudsdrama.
Etter 27 parti i Paris er spelarane tomme for krefter, men ein kan framleis ikkje kåra ein vinnar. Carlsen og Vachier-Lagrave må ut i omspel. I denne siste akta finn Carlsen ro, og vinn, slik han har vunne alle omspel han har spela dei siste ti åra.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?