Tarmearmar hadde han
Både lek og lærd viser stor interesse for tarmen no for tida, og ein kjend boktittel slår jamvel fast at tarm og sjarm høyrer i hop. Vikingen Broder tenkte nok ikkje så mykje på sjarmen med tarmen då han vart fanga og skamfaren av Ulv Reda, jamfør Njålssoga (kap. 157): «Ulv Reda skar opp buken på han og leidde han omkring ei eik og drog tarmane ut av han på den måten. Han døydde ikkje før alle tarmane var ute.» Likare då med Gisle Sursson: Han vart såra med spjut så innvolane fall ut, men då sveipte han berre innvolane og skjorta inn til seg og batt om med eit reip.
Om me hadde sagt «tarm» til Gisle, hadde han nok skjøna kva me tala om. Dette arveordet har mykje den same forma no som før, både her heime og ute: norrønt ?armr, færøysk tarmur, tysk Darm, gamalengelsk ?earm. Det ser ut til at ordet opphavleg vart nytta om endetarmen. Just den delen av tarmen vert òg kalla rasstarm og rauvtarm, naturleg nok. Me skulle kanskje tru at ordet skamtarm viste til det same, men det gjer det ikkje. Skamtarm kan tyda ‘person utan skam(kjensle)’ – som i ordlaget «skamtarmen vert aldri mett» – og ‘sete for skamkjensla’. Du kan til dømes «bita hol på skamtarmen».
Ordtaka om tarmen tyder på at folk har ynskt å bita i næringsrike emne, og at dei har vore viljuge til å slita for føda: «D’er betre trøytte armar enn tomme tarmar.» «Den som sparer armane, får svengja (snøra inn) tarmane.» Skal tru korleis det gjekk med han som fekk armar av tarmar? Han dansa fram, seier visa, men kor langt kom han før han fekk tarmslyng?
Tarmane gjer seg best inne i buken, i alle fall når det er tale om mennesketarmar. Stundom lagar dei ugreie der òg, særleg blindtarmen. Det læt heller ikkje så godt å ha «ein i armen og ein i tarmen». Til alt hell er det mest skjemt: Ordlaget vert nytta om kvinner som har eit brystbarn og alt er gravide att. Men så var det dyretarmane. Dei kan me ta ut og gjera om til pølseskinn og felestrenger, til dømes. Ordlaget «rekkja småtarmane» tyder opphavleg ‘fjerna tynntarmen (i slakt)’, men me kan òg bruka det om å ‘fretta ut, spørja nærgåande’, om lag som det å «granska hjarta og nyrer». Jamvel om tarmane gjer oss ei stor teneste, vert «tarm» òg nytta på mindre triveleg vis: Illtarm og tarmunge er døme på nedsetjande personnemningar.
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.