Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sjakkens galenskap

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carlsen er på «sjokklag» med stormeister Jevgenij Romanov. Stormeister Aryan Tari fylgjer med.

Foto: Tarjei J. Svensen.

2069
20170609
2069
20170609

Kvart år får den verdskjende Harvard-økonomen Ken Rogoff eit brev frå ein av dei fremste stormeistrane i verda. Eitt spørsmål er alltid det same: «Korleis kan eg koma meg ut av sjakken?»

Rogoff sjølv kom seg ut i 1978, då han var nummer 40 i verda og rekna som ein av arvtakarane etter Fischer i amerikansk sjakk. Stormeisteren spela remis i ein simultan mot Magnus Carlsen i 2012, men elles har han ikkje tid til slikt. I vinter var han i Noreg, der han tala om Trump og verdsøkonomien. Han vart intervjua av Finansavisen, som stilte eit overraskande spørsmål, noko ein journalist aldri kunne ha spurt om utan gode kontaktar i sjakkverda: «Liknar verdsøkonomien og finansmarknaden mest på sjakk, eller mest på sjokk?»

Rogoff måtte vedgå at finansjournalisten hadde peiling. Historia er nemleg slik: I juniorverdsmeisterskapen i Athen i 1971, der Rogoff vart nummer tre, introduserte den unge amerikanaren sjakkverda for eit nytt spel. Konseptet er eigenleg ganske genialt. Der sjakken er langsam og usosial, er denne varianten snøgg og sosial. Men der sjakken endar i galenskap, endar òg dette i galenskap.

Ideen er at to spelarar er på lag; den eine spelar kvit og den andre svart mot to motstandarar. Når kvit slår ut ei brikke, til dømes ei svart dronning, gjev han denne dronninga vidare til partnaren sin. Partnaren spelar sjølv svart i partiet sitt og kan nå setja den nye dronninga inn på brettet sitt. Lagkampen er over når ein av spelarane er matt eller har tapt på tid.

Spelet fører til avhengnad og vert på engelsk kalla «bug house» eller «crazy house». Son min har spela om lag fem tusen slike parti på internett berre det siste halve året. I Russland finst det fleire klubbar som ikkje driv med anna enn dette tidtrøytet, som dei kallar «svensk sjakk», kan henda i analogi med ménage à trois, som russarane kallar ein «svensk familie».

Den norske deltakaren i junior-VM i 1971, Leif Øgaard (i dag stormeister), tok spelet med heim til Noreg, der det fekk namnet «sjokk/sjåk».

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis