JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sjakkskulen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stormeister Jurij Razuvajev var skulemeister og assistenten til verdsmeistrane.

1972
20171124
1972
20171124

Den kviterussisk-israelske stormeisteren Boris Gelfand (49), ein av dei leiande analytikarane i sjakkverda, fekk spørsmål frå journalistane om den namngjetne sovjet-russiske sjakkskulen. «Kvar er han eigenleg», ville dei vita.

«Kva er det for eit spørsmål», tenkte Gelfand og peika på ein grå mursteinsbygning.

Denne skulen eksisterer ikkje i rom, berre i tid. Det er ei profesjonell tilnærming til sjakk som sport og vitskap, dyrka fram av verdsmeister Mikhail Moisejevitsj Botvinnik (1911–1995) etter den andre verdskrigen.

Stormeister Jurij Razuvajev (1945–2012) var den sovjetiske sjakkskulen i éin person. Dei sovjetiske verdsmeistrane hadde sine «skular» og treningssamlingar der dei beste borna i landet kunne drøyma om å få syna seg fram for meisteren. Razuvajev var assistenten på sjakkskulen til Botvinnik då vesle «Garik» Kasparov gjekk opp til tavla med det store sjakkbrettet. Han var yngre enn dei andre talenta, men variantane kom med ein idérikdom og eit tempo ingen hadde sett før. Etter at tiåringen hadde synt fram analysane sine, skal Botvinnik for fyrste gong i livet ha bede om ein pause. Alle borna og ungdomane forlét rommet.

Razuvajev gjekk bort til Botvinnik: «Mikhail Moisejevitsj, det ser ut som dei har sendt oss eit geni.» Botvinnik stira tomt ut or vindauget og fekk berre fram eitt ord: «utruleg».

Då Kasparov la opp sjakken i 2005 og overtalte Henrik Carlsen til å senda den 14-årige sonen til treningsleir i Moskva, var det nett Razuvajev som møtte vesle Magnus. «Vi analyserte sluttspelteknikken til den polsk-russiske meisteren Akiba Rubinstein (1880–1961)», mintest Carlsen då Razuvajev døydde sju år seinare.

Razuvajev fortalde stormeisterkollegaen Genna Sosonko om analysane i 2005: «Når foreldra sender borna til meg, treng eg berre femten minuttar for å seia om det er noko poeng. Denne guten har alt som skal til for å verta verdsmeister. Magnus er eit geni».

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis