Sterke saker
Me kunne lett ha skrive eit bandsterkt verk om ordet sterk og bruken av det. Etter alt å døma hadde det vorte eit verk med mange sterke scener og sterke ord, so det hadde nok høvt best for nervesterke lesarar.
Her lyt me nøya oss med ein sterkt nedskoren versjon. Det stutte treng ikkje vera veikare enn det lange, jamfør ordtaket: «Stutt og tjukt er sterkast.» Då er det berre rimeleg at nokre av dei sterke verba våre er heller stutte, som få, gå, sjå og stå.
Som me skjønar, er sterk eit mangslunge adjektiv. Dei ymse formene av verbet kan me kløyva i to flokkar. I den eine flokken har me formene med e (stundom skrive og uttala æ), som norrønt sterkr, islandsk og færøysk sterkur, dansk stærk og vårt sterk. I den andre flokken har me formene med a, som norrønt starkr (‘sterk (av helse)’), svensk stark, engelsk stark (‘stiv; skarp, krass; berr’) og tysk stark (‘sterk, kraftig’). Grunntydinga til sterk skal vera ‘stiv, fast’. Ordet er i ætt med fuglenamnet stork, som truleg viser til den stive, styltrande gangen til fuglen. Andre nærskylde ord er storkna (‘verta fast, stiv; verta einsynt’), styrke og styrkja.
Om me vil målbera kor sterke me er, kan me nytta samansetjingar som bælsterk, jamsterk, knallsterk, ovsterk og råsterk. Om me derimot vil få fram kvar eller på kva måte me er sterke, kan me seia armsterk, helsesterk (el. sterkhelsa), hugsterk, pengesterk, spurtsterk, viljesterk og so bortetter. Dei som ikkje er nøgde med armstyrken sin, kan byrja med styrketrening eller få tak i ein slik styrkedrikk som etter folketrua gjer drikkaren uhorveleg sterk på null komma niks. Nokre likar å styrkja seg på krutsterk kaffi eller endå sterkare saker, men det er ikkje mykje styrke i militære styrkar som har fått i seg for mykje sterkt.
Ofte brukar me sterk om makt og evner som ikkje har med muskelstyrke å gjera, jamfør seiemåtar som «vera sterk i matte», «ikkje mi sterkaste side», «vera sterk i trua» og «ein sterk kandidat». Me skal òg hugsa at dei som er veike kvar for seg, kan vera sterke saman. Om me kjenner sterkt for det same, vert samhaldet gjerne sterkt, men å halda saman i sterk storm kan vera vanskeleg – eller beint fram ei styrkeprøve. Det slitesterke toler mykje, men må likevel vera på vakt: «Tida har sterke tenner.»
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.