Sveittetokter i tukthuset
Unge menneske skal opp anten dei vil eller ikkje. Dei veks og vert høgare i bokstavleg meining, men det er ikkje nok: Omverda vil lyfta dei på andre måtar òg, difor har me slike undersame verksemder som oppdraging, oppseding, oppfostring og opplæring. Men kva med tukting? Høyrer det heime her?
Tukt og oppdraging er mykje det same, i alle fall etymologisk sett. Ordet tukt kjem av ei germansk rot som tyder ‘trekkja’. Jamvel om tukt kan verka nedbrytande, er målet å «trekkja nokon opp»: læra dei opp i gode seder. Difor heiter det òg opptukting, ikkje nedtukting. Men det å trekkja og draga kan vera so mangt. Me kan til dømes «trekkja inn i salongen» og sjå fuglane «trekkja sørover». Då brukar me trekkja om det å flytta eller reisa, og den same tanken ligg bak ordet tokt, som i røynda er same ordet som tukt. Dei kjem av same rota (‘trekkja’), men medan tokt viser til reising (t.d. røvartokt) og noko som varer ei viss tid (t.d. gråtetokt), har tukt fått tydingane ‘oppseding, rettleiing; refs; disiplin; sømeleg framferd’ og so bortetter. Tokt og tukt er elles i ætt med ord som tog og tøya.
Dei som tøyer strikken for langt, kan radt få tukt, og det er sjeldan moro. For jamvel om tukt kan ha den endeframme tydinga ‘oppseding’, nyttar me det oftast om ei streng form for oppseding der det gjeld å tøyma seg sjølv og lyda tuktaren. Ordlag som «ho tek ikkje tukt» provar at tukting er ei innfløkt verksemd. Kanskje det hjelper å senda ungen på tukthus? Målet med tukthusa var opphavleg å lyfta – ikkje straffa – dei som hadde falle utanfor, som fyllefantar og tiggarar. Den sanne menneskenaturen deira skulle hjelpast fram og få høve til å utfalda seg, ikkje tuktast sund.
Men det skulle ikkje bikka over i tuktløyse eller – endå verre – utukt. U-en i utukt fungerer som ei innsnevrande nekting: Medan tukt viser til god framferd i det heile, viser utukt til dårleg framferd i kjønnslivet. Utukt er dimed ei tenleg nemning for den som lyt seia noko om slike aktivitetar, men som ikkje vil skildra dei direkte. Det å selja sex har til dømes vore omtala som «ervervsmessig utukt». Porno var «utuktige skrifter». I dei eldre bibelomsetjingane heiter det at «den Herren elskar, tuktar han» (Hebr 12,6). Men det er då visseleg ei kopling mellom elsk og utukt òg?
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar. E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.