Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2352
20170519
2352
20170519

Tilhøvet mellom skrift og tale er ein kjend floke. Tilhøvet mellom skrift og skrift er heller ikkje så greitt, i alle fall ikkje i eddadikta. I dei overleverte tekstene finst det ei rad tilvisingar til runer og runeskrift. Best kjende er nok strofene 138–139 i Håvamål, der Odin fortel at han hekk ni netter i det vindkalde treet, såra av spjut, og at «eg nistirde ned, / tok opp runer, / tok dei ropande, / eg fall ned att derifrå» (oms. Knut Ødegård).

Kva slags runer er det tale om? Kvar tok han dei frå? Jorda? Underverda? Fann han dei opp? Her skal me ikkje prøva å klårgjera desse uklåre punkta, for poenget er just at tilvisingane til runer kan tolkast på ulike måtar. Nemninga rune femner vidt i seg sjølv: Norrønt run tyder alt frå ‘løyndom; lærdom; skaldskap’ og ‘løynd samtale’ til ‘trolldomsteikn’, ‘rune(teikn)’ og ‘bokstav’. Ordet stafr vart nytta på liknande vis. I svært mange av eddadikta finn me ord som har med runer og runeristing å gjera – i originalteksta, vel å merka. (Til dømes vert meinstafi i Loketretta til meinverk og meinsvall i omsetjingane.) Runene fløymer mellom anna i Sigerdrivamål, der valkyrja Sigerdriva lærer Sigurd ulike runer med magisk verknad.

Det er vanleg å sjå runene i eddadikta som ei form for trylleskrift. Samstundes er det vanleg å meina at eddadikta vart skapte og traderte i ein munnleg kultur før dei vart nedskrivne. Runer og eddadikt vert såleis oppfatta som to åtskilde fenomen, der dei «munnlege» dikta fortel om ein type skrift, men utan at diktinga og skrifta er nært ihopknytte. Men her finst andre syn. Filolog Jan Ragnar Hagland har lufta tanken om at dei alt i vikingtida kunne ha ei oppfatning av dikt som skrift. Frå 800-talet har me ei runeinnskrift som truleg inneheld ei strofe i fornyrdislag, og det er rimeleg at folk alt då sansa skilnaden mellom munnleg og skriftleg form. Me veit òg at nokre runeristarar omtala seg som skald. Om me opnar for at runeristing og dikting tidleg vart oppfatta som nærskylde verksemder, kan me sjå runene i eddadikta frå ei ny side. I Håvamål (157) seier Odin at om han ser ein dauding dingla i eit tre, «då ristar og / målar eg runer / så den livlause livnar / og mæler med meg» (oms. Ødegård). Talar han om handfaste runer? Eller kanskje han talar om dikting?

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Fridtun om eddadikt. E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis