JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2328
20170526
2328
20170526

Tittelen Håvamål tyder «den høges tale», og sidan Høg er eit av dei mange namna på Odin, er det vanleg å gå ut frå at det hovudsakleg er han som fører ordet her. Med sine 164 strofer er Håvamål det klårt lengste eddadiktet, og det inneheld alt frå handfaste råd om leggjetider (det er ingen skam å gå tidleg til sengs) til uutgrundelege trolldomssongar. Diktet kan ha vorte til ved at ein eller fleire «redaktørar» samla vyrke frå ulike kjelder, dikta nokre strofer som mykte opp overgangen mellom bolkane, og smidde det heile i hop. Dimed kan me seia at Håvamål er ei omarbeiding av ulike dikt og diktbolkar, men det beste er kanskje å sjå Håvamål som eit sjølvstendig og heilsleg dikt, skapt gjennom fri bruk av andre verk.

Me veit at opningsversa i to av dei mest kjende strofene i heile eddadiktinga, strofe 76 og 77 i Håvamål (76 står jamvel på gravsteinen til Ivar Aasen), vart framsagde av skalden Øyvind Finnsson like etter 960. Den siste strofa i minnekvedet hans om Håkon den gode opnar slik: «Døyr fe/ døyr frendar». Det at ein kan tidfesta somme av versa i Håvamål til 900-talet, tyder ikkje plent at Håvamål er frå 900-talet. Tvert imot minner det oss om at tilvertingssoga til eit eddadikt kan vera fælt lang og uoversiktleg.

Tidlegare granskarar meinte stundom at tilvertinga hadde gått vel langt, med andre ord at dei overleverte tekstene var dårlege utgåver av ein betre original. Fram til midt utpå 1900-talet var det mange som freista «retta på» dei overleverte tekstene. Dei endra nokre ord her, strauk eit par vers der og flytte strofene hit og dit. Håvamål fekk særskilt hard medfart. Og sant nok: Diktet flyt ikkje jamt og fylgjerett av garde. Det driv frå det eine til det andre, rykkjer attende, glid inn på eit laust tilknytt emne, står og gyngar der, og så dreg det i veg att. Men kanskje det er poenget? Kanskje den ustøe forma ber i seg ei meining som forsvinn når me «rettar på» teksta?

Jamvel om Håvamål tek føre seg mange alvorsame emne, kjem me ikkje frå at diktet byd på skjemtfulle skildringar av fåvit, fyll, ovmot og grådugskap. Som strofe 17: «Kópen glanar,/ når til gilde han kjem,/ fumlar fåmen og mullar./ So snart han ein slurk/ av skjenken fær,/ då utan stans han sullar» (oms. Mortensson-Egnund).

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Fridtun om eddadikt.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis