Tolmod er også mot
Quintus Fabius Maximus fekk tilnamnet Nølaren.
Foto: Wikipedia
Det er Halldis Moren Vesaas som ordlegg seg slik i ei bok frå 1967.
For mange år sidan sat eg saman med ein framståande motstandsmann frå siste krigen. Han var høgt dekorert og hadde vore med på dramatiske og livsfarlege operasjonar.
«Krig er å vente», sa han. «I krig hender det nesten ingen ting. Men når det hender, går det fort. Og då kan det gå med mykje folk. Det er difor krigen har fått slikt uord på seg.»
Eg siterer han ordrett. Orda sokk i meg. Han visste kva krig var, og han hata krigen, både den raske, hektiske aksjonen og den lange, nerveslitande ventinga. Begge delar høyrde krigen til, uløyseleg samanbundne.
Resten av livet, i freden, brukte han til å prøve å forhindre nye ulukker av det slaget krigen var.
Tolmod som våpen i krig har fått ein ærefull plass i krigshistoria.
På 200-talet f.Kr. voks det fram ei rivalisering om makta over Middelhavet mellom det fønikiske Kartago og det latinske Roma. I ettertid ser vi at denne rivaliseringa handla om kven som skulle forme det Europa som var i emning. Det førte til tre krigar, dei tre puniske krigane.
I den andre av desse krigane førte den kartagiske generalen Hannibal hæren sin gjennom Spania og over Alpane inn i Nord-Italia. Og der vart han ståande. Den romerske motstandaren hans var general Fabius Maximus. Hans strategi var å unngå å halde slag. Han innsåg at Hannibal hadde den militære overmakta og ville vinne eit slag. Han ville einast plage Hannibal og hæren hans og vinne tid. Han satsa på ein utmattingskrig som han då skulle vinne.
Strategien var ikkje populær i Roma, og han fekk oppnamnet Cunctator, forseinkaren. Namnet var meint som ei fornærming.
Strategien var vellukka. Hannibal reiste heim og vart sidan slått heime av romarane under Scipio, sidan kalla Africanus.
Fabius Cunctator vart sidan ein helt i romersk historie, «ein mann som berga staten for oss ved å forseinke», som ein romersk historikar skriv.
På militærakademia lærer dei framleis om fabiusstrategien. Motstandaren hans, Hannibal, som vart utmanøvrert av Fabius, er rekna som ein av dei største generalane i alle tider.
Mikhail Kutuzov var ein russisk general som var fallen i unåde hos tsaren etter nederlaget mot Napoleon i slaget ved Austerlitz. Då Napoleon invaderte Russland i 1812, vart han henta inn som kommanderande general. Dei to hærane møttest ved Borodino i 1812, det største slaget i historia til då. Ein kvart million soldatar var med i slaget. Tredjeparten av dei vart drepne eller såra.
Etter det valde Kutuzov strategien til Fabius Cunctator: å dra seg tilbake og vente og ta vare på sin eigen armé. Han lét Napoleon ta eit folketomt Moskva, utan å forsvare byen, før Napoleon vart tvinga til ein katastrofal retrett. Berre sjuandeparten av La Grande Armée på 700.000 kom levande heim.
Kutuzov vart sterkt kritisert i samtida for å vike unna og unngå slag.
Ettertida har gjort han til ein helt, ein av dei store i russisk historie. Tolstoj, med romanen Krig og fred, har hjelpt til med det.
Under siste krigen oppretta regjeringa i Sovjetunionen ein æresorden i hans namn, ein orden som framleis finst i Russland. Ordenen var den nest høgaste det var råd å få. Berre ordenen i namnet til general Georgij Sjukov, generalen frå Berlin 1945, hadde høgare status.
Som Fabius nådde han sine mål ved å vente.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.