JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2358
20170609
2358
20170609

Den som likar ublanda ætter og klåre grenser, får mykje å strida med i Edda-universet. Der går blodsband og andre samband på kryss og tvers. Eller som Erling Kittelsen skriv i Fredsslutning (2016): «Noen renhetslære eller typologi blir umuliggjort når figurene er av blanda herkomst og har sprikende evner.» Det ser ut til å vera ein regel at berre æser får gifta seg med åsynjer, men elles er det fritt fram. Mangslags avkom og alliansar kjem til, og attåt ymse erotiske prosjekt har figurane ei rad gjeremål og eigenskapar. Dei lyt vera der det skjer: Inne i diktverda er figurane i sitt ess. Om me nappar dei ut og freistar kartleggja heile bakgrunnen og alle sidene deira, er det som dei dett frå kvarandre.

Mangt i eddadikta ter seg såleis: Det syner seg for lesaren i eit klårt bilete, men det er mesta uråd å få noko fast grep om det. Yggdrasil, til dømes, sjølvaste verdstreet: Korleis er det innretta? Namnet varslar vondt. Det er samansett av yggr (‘fælsleg’) og drasill (‘hest’) og vert gjerne tolka som ‘hesten til den fælslege’. Ygg er eit av namna til Odin, og Yggdrasil kan såleis tyda ‘Odins hest’. Men Odin har mange namn, til dømes Hårbard (‘Gråskjegg’). Kvifor er det just Ygg (‘den fælslege’) som er nytta her?

«Navnet Yggdrasill rommer en stor mytefortelling», skriv Gro Steinsland og Preben Meulengracht Sørensen i si utgåve av Voluspå (1999). Den store forteljinga er borte for oss, men mange har kopla namnet med strofene 138–139 i Håvamål, der Odin heng i eit vindkaldt tre og hentar opp runer. Kanskje er der ein samanheng, kanskje ikkje.

I Den eldre Edda kjem den fyrste utførlege skildringa av Yggdrasil i Voluspå 19. Treet vert aust med kvit aur, står det her, men kva eller kven er det som auser? I strofe 27 kjem treet attende, i synene til volva: «Elv ser hun fosse/ aurblandet fram/ fra Valfars pant» (oms. Holm-Olsen). Fyrst var treet sveipt i kvitt, no er vatnet grumsa til – tyder det noko? Grimnesmål zoomar inn og lèt oss sjå dei som bur i og tærer på treet: ørna i toppen, ikornet Ratatosk i kvilelaust renn opp og ned, hjortane Dåin, Dvalin, Dunøyr og Duratror som bit av knoppar, og nedst ligg Nidhogg og andre ormar og gneg. Grimne (Odin) slår fast at «Yggdrasils ask/ har en ond lagnad,/ verre enn noen vet».

Kristin Fridtun

Fridtun skriv om eddadikt ut juni.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis