Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2360
20170818
2360
20170818

Den som yndar å snakka om seg sjølv, er sjeldan ein ynda samtalepartnar. I alle fall er det lettare å vinna ynde hjå folk om du syner interesse for livet og hugen deira. Born talar gjerne om yndlingssongar og yndlingsmat, og me vaksne finn vel òg glede i å tala om det me likar godt?

Substantivet ynde deler me med danskane (ynde), islendingane (yndi) og færøyingane (yndi). Norrønt yndi vart nytta om hugnad og sæle, og det hende at folk omtala paradis som yndisstadr (‘hugnadstad’). Dei hadde òg ordlaget «festa yndi» (‘trivast godt’), som framleis er i bruk på Island, til dømes i setninga «ég festi ekki yndi í borginni» (‘eg trivst ikkje i byen’). Ynde kjem av ei rot som tyder ‘lika, elska’. Den same rota har gjeve oss substantivet ven. Difor er det berre rett og rimeleg at ein ven er ein du ikkje treng å ynda deg inn hjå: Venskap og ynde – i tydinga ‘godhug’ – er to sider av same sak. Men ukjende folk kan òg ha ynde, ja, endåtil landskap og kunstverk kan vera yndefulle. Som danskane syng: «Der er et yndigt land». Ynde viser då til ‘noko særs fint, blidt og tillokkande i utsjånad eller i lag og åtferd; stilfull venleik; eleganse’ (Norsk Ordbok). I motsett ende har me det yndelause, som er lite vent eller beint fram utekkeleg. Yndelaus har òg vore bruka i tydingane ‘flau’ og ‘keisam’, opplyser Aasen.

Det å høyra yndlingsmusikken sin og lesa yndlingsboka si er alt anna enn keisamt. Yndling har kome til oss frå dansk. Ordet dukka opp midt på 1700-talet, truleg etter påverknad frå tysk Günstling eller Liebling. På Færøyane brukar dei i staden yndis- som førefeste, til dømes yndisnæmingur (‘yndlingselev’). Islendingane har valt å nytta eit heilt anna ord, uppáhalds-, til dømes uppáhaldsmatur (‘yndlingsmat, livrett’). Det kjem av ordlaget «halda upp á», som tyder ‘verdsetja høgt, vera oppglødd for’.

Om du er så heppen at ein rik person gløder for arbeidet ditt, kan det drypa litt på deg òg. Gjevmilde velyndarar har hjelpt fram mang ein kunstnar og forskarspire. Men ein velyndar kan òg yta tilskot i form av ros og kveikjande ord. I fortalen til Moralske Fabler (1751) skriv Ludvig Holberg at «mine Skrifters Velyndere [have] taget Anledning at opmuntre mig til saadant Arbeyde» (d.e. å skriva fablar). Og takk og pris for det.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis