«Næringsminister Cecilie Myrseth har late seg audmjuke og kasta ballen over til Stortinget.»
Næringsminister Cecilie Myrseth.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Hausten 2022 gjekk dåverande næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) ut i pressa og sa han skulle stramme kraftig inn på veksten i leiarlønene i statleg eigde selskap. Vestre sa han ville vere ein næringsminister som utretta noko. Dermed etablerte han ei ny moderasjonslinje for statlege selskap.
Viktigast var eit nytt prinsipp: Dersom løna til toppsjefen i eit selskap auka meir enn lønsutviklinga til dei tilsette i snitt, ikkje i prosent, men i kroner og øre, måtte styret grunngje det. I tillegg reduserte han høvet til å gje store bonusar.
Vestre gjorde det klart at han var lei av prat utan verknad. Var ikkje grunngjevinga for leiarlønsveksten i eit selskap god nok, ville staten røyste imot på generalforsamlinga. Følgde ikkje styret oppmodinga om lønsmoderasjon, ville han «gjere seg tankar» om kven som skulle sitje i styret.
Signalet frå Vestre var klart nok. Likevel framstår utspelet hans i dag som symbolpolitikk. Fasit er at styra har sett bort frå dei nye føringane, slik Dagens Næringsliv har dokumentert i fleire saker, og slik det kjem fram i den ferske eigarmeldinga. Styreleiaren i Kongsberg Gruppen, Eivind Reiten, har til og med sagt at han ikkje kan la seg presse til løysingar han ser på som skadelege for selskapet.
Det er gode argument for at statlege selskap skal halde seg til moderasjonslinja staten har sett. Ser selskapa til toppleiarløner internasjonalt, finst det knapt ei øvre grense. Og er det verkeleg sikkert at den som siktar mot den høgste løna, er den mest motiverte og best kvalifiserte?
Etter å ha sendt ut så klare signal, skulle ein tru at staten ville setje hardt mot hardt. Røyste imot styreframlegga under generalforsamlingar og ofre styreleiarar som sett seg imot eigaren. I staden har næringsminister Cecilie Myrseth late seg audmjuke og kasta ballen over til Stortinget.
Når politikarar seier éin ting og gjer noko heilt anna, går det på truverdet laus. Myrseth bør snarast forklare kva ho vil gjere for å følgje opp føringane om leiarløn. Alternativet er å forklare kvifor ho har snudd, og kvifor moderasjonslinja ikkje var så viktig likevel.
Christiane Jordheim Larsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Tyskland og Frankrike leiar saman luftvernkoalisjonen for å støtte Ukraina. Men Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.v) har ikkje fått med seg Frankrike på sitt initiativ for å investere i felles europeisk luftvern til eige territorium. Biletet syner Pistorius og Ukrainas president Volodymyr Zelensky i Tyskland, der ukrainske soldatar vert trente i å bruke det amerikanske langtrekkande luftvernsystemet Patriot.
Foto: Jens Buttner / Reuters
Den innvortes forsvarskampen
Arbeidet med eit felles luftvernsystem over Europa
vert avgrensa av nasjonale industrielle omsyn.
Kong Harald tok i audiens imot Eirik Kristoffersen på Slottet for å tildela han Krigskorset i 2011.
Foto: Lise Åserud / NTB
Baksida av medaljen
Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.
Når Billy (Vic Carmen Sonne) og Nilo (Silvana Imam) møtest, blir det kjærleik ved første blikk.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Eksplosjonar i hovudet
Ein har ikkje vondt av å utfordra tankemønstera sine, særleg ikkje når det er underhaldande i tillegg.
Høgskolen i Innlandet innfrir krava til å bli universitet.
Foto: Karen Ingrid Fryjordet/Høgskolen i Innlandet
Treng vi fleire universitet?
Unn Conradi Andersen er forskar, forfattar og sosiolog. Ho debuterte som romanforfattar i 2017.
Foto: Agnete Brun
Skildrar av rang
Unn Conradi Andersen kan godt bli heile livet for meg.