Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

🎧 Kona fer i strid

Etter Stabukker står ei sta kvinne klar til å stå imot eit suspekt samvirkelag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mjølkebonden Ingibjörg (Arndís Hrönn Egilsdóttir) kjem i ei knipe då mannen døyr.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

2443
20200605
2443
20200605

Lytt til artikkelen:

DRAMA

Regi: Grímur Hákonarson

Melkekrigen (Orig.tittel: Héradid)

Med: Arndís Hrönn Egilsdóttir, Sigurdur Sigurjónsson, Sveinn Ólafur Gunnarsson
Kinofilm

Den islandske regissøren Grímur Hákonarson held fram med å rette søkjelyset mot bygder og husdyrhald etter suksessen med Stabukker i 2015. Her får du møte mjølkebonden Ingibjörg (Egilsdóttir). Ho kjem i ei knipe då mannen døyr. Den lojale samvirkelagsmannen var godt likt av alle, men få visste at han var tvinga til å tysta på alle som trassa systemet. Når enka skjønar det, blir ho vreid. Det manglar ikkje på menn som meiner ho misforstår, men nåde stabukken som leikar småkonge hjå samvirket.

Få fakter

Arndís Hrönn Egilsdóttir spelar hovudrolla utan store fakter. Ho har eit roleg raseri som det er lett å like. Nye vendingar i kjenslene til figuren kjem effektivt og nyansert fram i andletet. Ho er steike god. Det gjeld fleire kjende fjes frå den rike islandske filmsoga frå nyare tid. Sigurdur Sigurjónsson er super som forsiktig brautande byråkrat. Han hadde hovudrolla i Stabukker og leverer stabilt. Nedtona realisme dominerer, men stilla går over i passande musikalsk murr når det røyner på. Fint fotografi av kaldt landskap og vêrbitne andlet må med. Nokre skulda førre film for å gjere Island eksotisk, men Melkekrigen er eit moderne drama.

Føydalt fellesskap

Ingibjörg og mannen høyrer gjerne på vinylplater og les papiravis (hurra!), men aktivisme kan like gjerne skje med Facebook som med gjødselspreiar. Mjølkemaskinene finn jura sjølve medan ein robot syg fjøsgolvet for skit. Å vere bonde krev hardt arbeid og djup gjeld. Når felleskjøpet har fleire føydale enn sosialdemokratiske trekk, skurrar det.

Ingibjörg skuldar samvirkelaget for mafiøse metodar. Heldigvis er ikkje sagaøya Sicilia, men skite spel kan slå rot i dei mest meiningsfulle monopol. Kanskje ein lyt heie på rebellen. Tematikken kan slå an og så splid her til lands òg. Melkekrigen er ein god film med ein hovudfigur som engasjerer i eit relevant, realistisk univers. Skodespelet til Egilsdóttir er verdt kinobilletten. Så lyt ein drøfte løysingar for framtidig jordbruk i fellesskap etter filmen.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Skodespelet til Egilsdóttir er verdt kinobilletten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Henry «Tippen» Johanson reddar i kampen mot Tyskland i OL i Berlin i 1936. Då det var 2‒0 til Noreg, gjekk Hitler og følgjet hans.

Foto: arkiv / NTB

BokMeldingar

Året 1936 bak nyhenda

Ingen medvitne nordmenn tvilte på storkrig.

Aage G.Sivertsen

Teikning: May Linn Clement

Feature

Flyplassblues

Ingen stad kjenner eg meg så trygg som på ein flyplass.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis