Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Andenaud i augeopnar

Skodespelaren Tuva Novotny debuterer med regi på ein knalltøff film der Pia Tjelta er mektig god.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stoisk ro i møte med folk som er hysteriske med god grunn, er gildt skildra i filmen der Anders Baasmo Christiansen og Pia Tjelta har hovudrollene.

Foto: Jonas Alarik

2412
20180824
2412
20180824

Drama

Regi: Tuva Novotny

Blindsone

Med: Pia Tjelta, Anders Baasmo Christiansen

Ei handballtrening tar slutt, og to venninner ruslar sakte heim. Den stutte vegen tek lang tid med keitete tenåringsprat. Når Thea kjem heim, skal mora Maria (Tjelta) til å legge veslebroren. Thea tar ei brødskive og ein kjapp telefon til faren (Christiansen) før ho skriv noko i ei bok. Så snur alt.

Sjukt spel

Rykta om at Pia Tjelta gjer ein kraftprestasjon i rolla som Maria, er slett ikkje overdrivne. Ho er rå. I eit intervju om filmen sa ho at «ein kan jo ikkje spela driden». Sanneleg ser det ut som om ho lever gjennom sjokket sjølv. Når Maria gløymer å pusta, gløymer eg å pusta. Påkjenninga for pårørande trenger seg inn i Tjelta og kinopublikummet.

Det norske helsevesenet har mange heltar. Ære vere velferdsstaten. Stoisk ro i møte med folk som er hysteriske med god grunn, er gildt skildra. Psykisk helse og blindsonene frå filmtittelen er eit bakteppe for det overveldande og estetisk spartanske dramaet. Hit vil regissøren sende samtalen.

Dristig debut

Tuva Novotny er ein av dei mest solide nordiske skodespelarane der ho ferdast fritt mellom skandinaviske språk. Det er ei glede at ho slår til med ein så sterk film på første forsøk som regissør. Ho er hard. Heile filmen er spelt inn i éin einaste sekvens. Ikkje noko «juks» som i Birdman eller Utøya 22. juli, men slik filmfotografen Sturla Brandth Grøvlen gjorde på En natt i Berlin. Alt i eitt.

Ein keiar seg den første økta, fordi alt er så normalt. Lekser, eit fint skjerf, middag, frustrasjon over teite jenter som berre tenker på sminke og gutar, pregar samtalen. Alt drama er i blindsona. Det er eit djervt val. Eg tilrår å ha tolmod. Kjenslene kjem. Mangelen på klipp gjer at ein ikkje kjem seg unna. Som med Utøya 22. juli skjer alt i sanntid, og ein vil så gjerne at alt skal ta slutt, sjølv om det sit ein rasjonell filmmeldar på skuldra og seier at dette er ein skikkeleg god film. Dette er effektivt fortalt. Eg vil at folk skal sjå Blindsone. Når filmskaparar tar opp tabuprega emne og lukkast med kompromisslause kunstnariske val, blir eg glad. Novotny er ikkje pretensiøs. Ho er ein durabel debutant.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis