Film
Artig arveoppgjer
Takk og pris for at vi kan sjå eit smart og morosamt palestinsk drama på kino i Noreg.
Laila Abbas debuterer som spelefilmregissør med historia om to systrer som møter eit system laga for menn.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
Det byrjar med død. Far til Maryam (Khoury) og Noura (Al Massri) ville at døtrene skulle få det meste av arven før han døydde. No ligg han der. Då gjeld det å få fart på sjekkheftet snarare enn å få han erklært død med det same.
Broren i USA har aldri vist interesse, men har rett på det meste av arven fordi han er mann. Det er nok til å heie på båe systrene, som kranglar om det meste. Skal dei lukkast i å få noko som er meir rettferdig enn lova, må dei samarbeide.
Fredfull
Ramma for filmen er det relativt fredelege Ramallah på Vestbreidda før det som Amnesty har omtalt som folkemord på Gaza. Familien er middelklasse. Sann fattigdom kjem ikkje til syne, men det er klart at om dei ikkje lukkast med planen, vil det ha store konsekvensar for framtida. Fridomen ein økonomisk buffer inneber for to kvinner i eit djupt patriarkalsk samfunn, er ikkje til å kimse av. Ingen av karakterane er feilfrie, men vi ser like få skurkar som vi ser heltar. Filmen kretsar ikkje rundt krig eller okkupasjon. Vi ser ikkje settlarar og soldatar.
«Vi må vere meir enn smerte og liding», seier systera til Mo i serien med hans namn frå USA om ein palestinsk familie der mora druknar i bilete av vald mot folket hennar i heimlandet. Det gjev gjenklang når eg ser Takk for at du venter… Filmen er full av universell problematikk, familiekjekling og vittige replikkar. Det gjer godt.
Feminisme
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.