Når alt er svart-kvitt
Carlsen spela med eit janusandlet i Biel, frå det heilt geniale til nesten total kollaps.
Då Carlsen i andre halvdel av turneringa måtte vinna mot Mamedjarov med svart i runde 9, gjekk det heilt gale.
Foto: Lennart Ootes / Biel Chess Festival
Biel sjakkfestival,
21. juli–1. august 2018
Carlsen runde for runde:
1. Carlsen – Navara 1–0
2. Vachier-Lagrave – Carlsen 0–1
3. Carlsen – Svidler O–O
4. Georgiadis – Carlsen O–O
5. Carlsen – Mamedjarov O–O
6. Navara – Carlsen O– O
7. Carlsen – Vachier-Lagrave O–O
8. Svidler – Carlsen O–O
9. Mamedjarov – Carlsen 1–0
10. Carlsen – Georgiadis 1–0
Sluttstillinga:
1. Mamedjarov (2801) Aserbajdsjan 7,5
2. Carlsen (2842) Noreg 6
3. Vachier-Lagrave (2779) Frankrike 5,5
4. Svidler (2753) Russland 5,5
5. Navara (2741) Tsjekkia 4
6. Georgiadis (2526) Sveits 1,5
Biel sjakkfestival,
21. juli–1. august 2018
Carlsen runde for runde:
1. Carlsen – Navara 1–0
2. Vachier-Lagrave – Carlsen 0–1
3. Carlsen – Svidler O–O
4. Georgiadis – Carlsen O–O
5. Carlsen – Mamedjarov O–O
6. Navara – Carlsen O– O
7. Carlsen – Vachier-Lagrave O–O
8. Svidler – Carlsen O–O
9. Mamedjarov – Carlsen 1–0
10. Carlsen – Georgiadis 1–0
Sluttstillinga:
1. Mamedjarov (2801) Aserbajdsjan 7,5
2. Carlsen (2842) Noreg 6
3. Vachier-Lagrave (2779) Frankrike 5,5
4. Svidler (2753) Russland 5,5
5. Navara (2741) Tsjekkia 4
6. Georgiadis (2526) Sveits 1,5
Magnus Carlsen (27) demonstrerte i sumar visdomen som alle menneske kjenner: Etter sol kjem regn. Det er eit mønster: I mange år har Carlsen byrja turneringane litt roleg, men stått øvst på resultatlista til slutt. I Norway Chess i juni og sveitsiske Biel no i juli byrja han fantastisk, men fall ned mot slutten. Det er visst vanskeleg å halda motivasjonen og konsentrasjonen på topp kvar einaste dag. For å seia det med ein kinesisk sjakkmetafor: Livet er litt «yin-yang». Men frå verdsmeisteren krev ein noko ekstra, helst det umenneskelege.
Turneringa i Biel har eit interessant format med berre seks spelarar, men heile ti rundar. Arrangøren skapa ubalanse i det vesle feltet ved å invitera fire verdsklassespelarar, ein lokal Prügelknabe og eit sjarmerande, autistisk reknegeni som minner om Dostojevskij-figuren fyrst Mysjkin.
Genialt (yang!)
Mot reknegeniet, tsjekkaren David Navara (33), vann Carlsen 1O–O. Sigeren med kvit i fyrste runde var genial. Carlsen skjøna at stillinga ved korrekt spel ville enda i remis, og ofra heilt uventa dronninga for eit tårn og ein springar.
Carlsen–Navara, runde 1. Svart i trekket.
Den materielle ubalansen auka sjansane for at tsjekkaren skulle gå seg vill i variantane, slik Kafka gjekk seg vill i byråkratiet. Den eine timen tok den andre. «Navara spelar som Kafka», sa ein kommentator. «Var det Kafka som sa at meininga med livet er at det tek slutt?» spurde ein annan. «Det gamle husværet til Kafka i Praha er teke over av Burger King», sa ein tredje. Etter seks timar vann endeleg Carlsen maratonpartiet.
Carlsen vann òg 1O–O mot franskmannen Maxime Vachier-Lagrave (27), som nordmannen ikkje har slått på tre år. Sigeren med svart i andre runde var ein ny genistrek og eit nytt maratonparti. Det doble tårnsluttspelet er det mest kompliserte eg har sett i sjangeren.
Vachier-Lagrave–Carlsen, runde 2. Svart i trekket.
Dei fire tårna var overalt på brettet, og båe kongane var under konstante trugslar om sjakk matt. Datamaskinane synte at trekka til Carlsen i dette sluttspelet var på eit ratingnivå over 3000.
Dei to kvitpartia til Carlsen mot russaren Pjotr Svidler (42) i runde 3 og Vachier-Lagrave i runde 7 var òg av beste merke. Resultata vart ikkje betre enn to remisar, men spelet var nyskapande. Carlsen gjekk for prinsipielle duellar i den knivskarpe Najdorf-varianten av siciliansk opning. Det er slik kaotisk sjakk som Carlsen normalt styrer unna, men no ville han syna seg fram for haustens VM-utfordrar Fabiano Caruana (26), som sat i USA og følgde kvart einaste trekk.
Kollaps (yin – og litt yang)
Så kva gjekk eigenleg gale i Biel? Problema byrja i runde 4, då Carlsen ikkje vann med svart mot den unge stormeisteren Nico Georgiadis (22). Det var det einaste halve poenget sveitsaren fekk på dei sju fyrste partia. Carlsen har alltid slite med motivasjonen mot spelarar på langt lågare nivå, men med kvit mot Sjakhrijar Mamedjarov (33) i runden etter skulle han revansjera seg og avgjera spørsmålet om turneringssigeren. Aserbajdsjanaren er nummer tre på verdsrankinga, men har ein elendig score mot Carlsen. I Biel freista verdsmeisteren å bryta ned forsvaret til Mamedjarov i over seks timar, men var aldri nær å skapa reelle vinstsjansar.
Då Carlsen i andre halvdel av turneringa måtte vinna mot Mamedjarov med svart i runde 9, gjekk det heilt gale. Han tapte fortent, for fyrste gongen på ti år mot aserbajdsjanaren. No var det berre heider og pengar å spela for i den siste runden. Med kvit mot Prügelknaben Georgiadis tok Carlsen fram ei tøyseopning:
Carlsen–Georgiadis, runde 10. Svart i trekket.
Men motstandaren var trass alt stormeister, så Carlsen fekk lenge straff som fortent: ei dårleg stilling utan sjansar til å vinna. Kinesarane seier at ein treng både yin og yang. Ein må finna ein balanse. Etter sju rundar utan siger var Carlsen endeleg klar for litt yang: Sveitsaren miste hovudet og tapte ei enkel remisstilling i sluttspelet.
Atle Grønn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Livet er litt «yin-yang». Men frå
verdsmeisteren krev ein noko ekstra, helst det umenneskelege.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?