Angela Merkel har mykje å læra oss om korleis politikk vert hamra ut – med fornuft.
Angela Merkel vart forbundskanslar i 2005.
Foto: Michael Sohn / AP / NTB
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Biografi
Angela Merkel og Beate Baumann:
Frihet
Omsett av Merete Franz
Gyldendal
Har du undra deg over at forbundskanslar Angela Merkel («die Mutti», «mora» blant vener, eller «Angie», som Mick Jagger kalla henne) så ofte kom i buksedrakt med jakker i vekslande, skarpe fargar? Eg kan gje deg svaret. Frå oppveksten som prestedotter i DDR var ho van med berre to fargar, brun og beige. Kvar dag ville ho protestera mot denne byråkratisk-estetiske gledeløysa og iføra seg fargeglade bleserar.
Dette var medvite, som så mykje anna i dr. Merkels liv – doktortittelen kjem frå ein doktorgrad i fysikalsk kjemi ved DDRs vitskapsakademi i 1986. I to år har ho lukka seg inne på eit austtysk badehotell, der ho var som lita jente med familien på ferie på 50-talet. Saman med ein god kollega, Beate Baumann, har ho skrive memoarar, like målmedvete og disiplinert som ho var som politikar.
Her minner ho oss om Charles de Gaulle, som sat i heimen i Colombey-les-Deux-Églises for seg sjølv etter krigen og skreiv ein klassikar blant krigserindringar, medan Churchill hadde eit koppel av skrivarar kring seg for å skriva verdshistorie med han sjølv i sentrum. Merkel er meir smålåten, men like interessant.
«Kan henda er nett avsnitta om DDR-oppveksten det mest interessante i boka.»
Politikk og fornuft
Det er vorte ei forvitneleg bok. Ikkje full av det franskmennene kallar apercus (blendande førsteinnsikter), men roleg og sakleg om det å vera Europas mektigaste kvinne frå 2005 til 2021. Det er nett dette rasjonalistiske, kunnskapsforankra grunndraget – utan fakter og fjas – som også er grunndraget i boka hennar og i stilen som politikar. Her er det ei kontaktflate med Gro Harlem Brundtland.
Boka er heller ikkje utan sjølvinnsikt om feilslag og tabbar. Ho innser til dømes no at ho undervurderte Russland og Putins panslaviske planar og brutalitet, noko som gav seg utslag i for stor vekt på russiske gassleveransar. Men ho vil ikkje be om orsaking for innvandringspolitikken kring 2015, der ho sleppte inn flyktningar frå Midtausten, især frå Syria.
«Wir schaffen das», «det klarar vi», som folk og nasjon, sa ho den gongen og gjorde seg historisk.
Men det må nok seiast at store delar av folket ikkje var moge for dette storsinnet – det ser vi no, i kjølvatnet av AfDs siger med 30 prosent i Tübingen i haust. Merkel kunne nok ha vore meir analytisk i handsaminga av dette kapittelet i boka si. At slik balanse mellom realpolitikk og humanitær impuls ikkje er lett, veit vi alle. Merkel synte her stort politisk mot.
DDR
Vedtaket var nok ei frukt av DDR-oppveksten og den sterke kjensla av moralsk ansvar ho fekk med seg frå heimen. Familien hennar drog attende til DDR i 1954 etter at faren Horst Kasner fekk sitt protestantiske prestekall der, i landsbyen Quitzow i Brandenburg, om lag 150 km nordvest for Berlin. Merkel er fødd i Hamburg i 1954.
Kan henda er nett avsnitta om DDR-oppveksten det mest interessante i boka. Vi får her ei personleg skildring av samanslåingsprosessen etter folkeopprøret i DDR i 1989, sett innanfrå.
At oppløysinga av DDR skjedde utan vald – i kontrast til slutten på diktaturet i Romania i 1989 – høyrer til lukketreffa i historia.
Men det var nære på. Vi har kanskje alt gløymt at det var mange i DDR som ville freista halda på DDR, men demokratisera eittpartistyret og leggja grunnen til ein sosialisme i ein slags kombinasjon med marknadsløysingar.
Merkel var ikkje der; ho meinte at diktaturet var ròte frå botnen av. Men tidleg i prosessen var ho med i Demokratisk allianse, ein sivilsamfunnsorganisasjon som ville vera ei bru over til dei tradisjonelle partia i vest.
Men det var fåfengt, og Merkel melde seg inn CDU då ho skjøna at denne mellomløysinga var ei blindgate. Ho vart vald til partileiar i CDU i 2000 og sat til 2018.
Angela Merkel saman med dåverande kontorsjef Beate Baumann, som òg er medforfattar av sjølvbiografien.
Foto: Markus Schreiber / AP / NTB
Stasi
Merkel og familien hennar hadde fleire samanstøytar med Stasi-politiet. Ho heldt på å verta nekta å ta doktoreksamen fordi ho svara utilfredsstillande på ein eksamen i marxisme-leninisme. Det var ei prøve som alle måtte ta i diktaturet.
Stasi freista engasjera familien som angjevarar, men dei slapp unna ved å seia at dei var så elendige til å halda på løyndomar. Genialt, spør du meg. Familien hadde kanskje røynsler med dette monsteret, for nett dette forsvaret var effektivt.
Då eg vart vist rundt i Gauck-Behörde, Stasi-arkivet, for nokre år sidan, fekk vi fortalt at det var gjævt blant mange å verta fanga inn som angjevar. Så gjævt at ein gong vart ein nyverva så begeistra at ho annonserte til alle i kontorlandskapet at no var ho vorten angjevar.
Elles skriv Merkel at den store sigeren ho hadde som ung i høve til regimet, var at dei ikkje lukkast med å ta frå ho livsgleda, sorgløysa. Det verste var den totale mangelen på rettstryggleik: Regimet kunne gjera kva dei ville med einskildmennesket. Difor var det så mange som søkte tilflukt i kyrkjene, der det vart eit skin av motstand mot vilkårsløysa.
Til venstre
At Merkels mentale og politiske univers har teke avgjerande farge av desse røynslene, er heile virket hennar eit teikn på. Ho kjem oss i møte som ein klår anti-Thatcher-konservativ med gode relasjonar til fagrørsla og ikkje minst tett kontakt med vanlege menneske i valkrinsen hennar i aust.
Merkel tok CDU til venstre. Det syner seg ikkje minst i familie- og sosialpolitikken. Ho såg også tidleg dei menneskelege kostnadene knytte til privatiseringa av DDR-industrien og endringane i landbruket, der dei store kollektivbruka måtte stykkast opp. Og ho ville gjort meir for å ta eit oppgjer med dei mange handlangarane for diktaturet, til dømes i Stasi.
Men der møtte Merkel tysk jus på det mest formelle: Vest-Tyskland vart tvinga til å halda fram med å betala pensjonar til folk som fengsla, forhøyrde og – til 1953 – torturerte folk i fengsel som til dømes Hohenschönhausen i Nord-Berlin, som eg vil tilrå alle med DDR-nostalgi å vitja. Gamle fangar viser no rundt.
Våg meir
Ikkje minst er boka god når Merkel gjev oss skildringar av prosessen fram til ho vart vald som kandidat til forbundskanslar for CDU. Der møtte ho ikkje så reint få fordomar mot kvinner i politikken. Merkel svara med eit Willy Brandt-sitat: «Våg meir demokrati!»
Klokt var det også for folk i aust som opplevde at dei vart overkøyrde av maskinpolitikarane i vest. Her ligg enno mykje av materialet bak AfD-reaksjonen i dei austlege provinsane den dag i dag. Kanskje dette er den beste oppsummeringa av livet i politikken etter kampane i CDU-CSU:
«Når en stor gruppe mennesker først var blitt presset i en retning, var det rett og slett utrolig vanskelig å snu og reversere gårsdagens argumenter – det viste seg i politikken at alt kan eskalere med en hastighet som øyet ikke er i stand til å oppfatte. Men det er sjelden for sent. Man må bare ville det.»
Bernt Hagtvet
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.