De døde er ein eminent roman om kunsten og den uendelege einsemda.
Den sveitsiske forfattaren Christian Kracht er aktuell med ein ny roman omsett til norsk, De døde.
Foto: Frauke Finsterwalder
ROMAN
Christian Kracht:
De døde
Omsett av Sverre Dahl
Pelikanen Forlag
Den sveitsiske forfattaren Christian Kracht fekk internasjonal åtgaum for romanen Imperium for nokre år sidan. Imperium handla om August Engelhardt, som meinte at eit menneske kunne klara seg på berre kokosnøtter, noko han ville prova ved å leva som eremitt på ei stillehavsøy. Om ein no ser på forfattarportrettet bakpå den nye boka til Kracht, De døde, og samanliknar med portrettet Pelikanen Forlag nytta på Imperium, kan det sjå ut som om forfattaren har vorte ein tanke påverka av ideane til eremitten Engelhardt. Slik kan det gå!
Kunstnarroman
Korleis romanen De døde kjem til å påverka forfattaren, er ikkje godt å seie, men det er i alle høve ein kunstnarroman av høg klasse. Sujettet er ikkje lett å få auga på i byrjinga, her er det mest detaljrike tablå som liknar meir på råfilm enn eit ferdig redigert produkt, men just i det grepet ligg den smarte regien på lur. Boka handlar om filmverda på byrjinga av 1930-talet. Ein sveitsisk regissør, Emil Nägeli, prøver å overtala filmmogulen Alfred Hugenberg til å finansiera eit heller lite konkret filmprosjekt, ein japansk skrekkfilm. Hugenberg minner forresten sterkt om den karikerte filmprodusenten Lipnick i filmen Barton Fink av Coen-brørne.
Perspektivet i boka hoppar mellom Nägeli og det japanske universalgeniet Masahiko Amakasu, som også er oppteken av film, og Kracht syner seg som ein meister i miljøskildring, om enn stadig i tablåform. Sjølv om teksten syner oss mykje av det indre livet til fleire av personane, er den heile tida mest konsentrert om det visuelle inntrykket, der somme detaljar, mellom anna ein fiolett blyant, går att i ulike omgjevnader. Språket er rikt og plastisk, og stundom slik at ein undrar seg på om forfattaren skriv på slump, intuitivt, eller kalkulerande. Fleire gonger vert objekt skildra som om dei var identiske med ei personleg oppleving av dei, som når den rusa Nägeli ser gatelys som er uklåre av fyll, eller eiketre som er like uklåre, men no av fart av di han sit på eit tog. Men slik er filmens natur; objektiviteten er berre tilsynelatande.
Laus i fisken
Som heilskap er romanen noko laus i fisken, men boka er ofte glimrande i dei einskilde scenene, som stiller skarpt på det som ligg føre. Og aller best er teksten i nokre scener som ligg noko utanfor dei sentrale handlingane. Såleis møter me ein perifer bifigur i romanen, Putzi, i ein kanadisk interneringsleir mange år seinare. Han er internert av di han er tysk, ikkje for noko anna. Vanskane han har å stri med, mellom anna eit frostsår på ei tå, er alt som opptek han. Scena er på alle måtar fullstendig overflødig i romanen, men samstundes så strålande at ho kastar lys over handlinga, nettopp ved å representera noko utanfor – eit overraskande perspektivskifte som kontrast til den overflatiske filmverda.
Ei anna nydeleg scene er berre eit minne Amakasu har, om korleis han, utan å fatta kvifor, fall i unåde i det japanske hierarkiet. Her og andre stader skildrar Kracht dei finaste og mest nyanserte kjensler like lettvint som det er å skrella kokte poteter.
Romanen handlar mest om einsemd og kunst. Her dukkar ein tverr Knut Hamsun opp, Charlie Chaplin vert drapsmann, brytefilmpioneren Wallace Beery syner seg som ein puppeknipar og rumpeklaskar, og ein kjenner at korkje Coen-brørne eller David Lynch er langt borte. Og då er ein jo i godt selskap. Ikkje minst sidan boka er omsett av Sverre Dahl.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her og andre stader skildrar Kracht dei finaste og mest nyanserte kjensler like lettvint som det er å skrella kokte
poteter.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media